22.08: Endeleg Seljeseier!

Postet av Selje IL - Fotball den 22. Aug 2010

Selje tok sin andre seier for sesongen i dag, med 3-2 på heimebane mot Askvoll/Holmdal. Stillinga ved pause var 1-1. Selje tok tre svært fortente poeng i dagens kamp, men den avgjerande scoringa kom heilt på slutten.....

Forrige Seljeseier kom på heimebane mot Årdal2 29.mai.....I dag lukkast det endeleg....

Alt etter 1 min hadde Selje sin fyrste sjanse, då Gaute Otnes skaut rett utanfor frå litt skrått hald. Viktor H.Front skaut over frå 8-10 meter etter 3min. Askvoll/Holmedal hadde ein god sjanse etter frisparklegg, og skot like utanfor etter 9min.

Etter 14min var det klart for 1-0. Viktor sette ballen i mål, etter pasning frå Gaute. To minutt seinare sende Joachim Refvik avgarde eit godt frispark frå 25meter, men keeper redda. Ny stor Seljesjanse etter 25min på eit langt framspel som gjekk via spelarar i feltet, men keeper fekk avverga. Joachim hadde eit nytt godt skotforsøk i det 29min, men keeper redda igjen.

Askvoll/Holmedal fekk corner i det 35min. Etter klabb og babb, redningar på strek, fekk bortelaget ved Leif-Helge Rivedal til slutt ballen over målstreken, og 1-1. Snorre Kvalheim hadde siste sjanse i omgangen, med eit godt skot frå spiss vinkel som keeper slo til innkast.

Selje starta friskt også i 2.omgang. Alt etter to minutts spel, fint angrep der Gaute vart spelt fri og scora sikkert. Men målet såg frå vår posisjon ut til å bli feilaktig annulert for offside. Eit minutt seinare knallskot frå Joachim i nettveggen. Askvoll/Holmedal fekk også eit mål tvilsomt annulert for offside etter 52min. Neste sjanse for bortelaget kom etter 62min, då Benny Rivedal drog til frå 16meteren og ballen gjekk inni hjørnet. Bortelaget opp til 1-2, ufortent etter spel og sjansar.....

Selje fortsette å spele og skape sjansar. Etter 70min var Gaute åleine gjennom, men skotet frå 10-12meter gjekk rett på keeper. Tre minutt seinare lukkast det endeleg. Gaute igjen fri, trilla ballen kontrollert forbi keeper, og 2-2. Gaute hadde fleire farlege avslutningar dei neste minutta. Skot på keeper etter 74min og skot på direkten frå 6-7meter rett på keeper etter 81min. Selje trykte på for scoring og etter 88min lukkast det. Snorre spelte inn til Gaute som skaut på keeper, ballen fri på to meter der Joachim sette inn sigersmålet. Joachim hadde også eit godt skot eit minutt på overtid som gjekk over. Selje spelte ein god kamp i dag og vann fullt fortent. Bortelaget kan takke ein god keeper for at det ikkje vart fleire baklengs.

Seljetrenar Idar Taklo var svært fornøgd etter kampen. "Vi presterer nok årsbeste spelemessig og skapar veldig mange sjansar. Einaste å sette fingeren på er utteljinga. Hadde vi greidd å omsette sjansane i mål kunne vi vunne klart", seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Snorre Kvalheim, Alexander Bickel, Viktor H. Front (Saron Osmundsvåg frå 76min), Severin Rokne, Joachim Refvik, Gaute Otnes.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Gaute Otnes


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.