05.09: Selje-Eikefjord 3-0

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2010

Det var topp mot botn i dagens kamp.....men i dag var Selje best og vann fullt fortent 3-0 i ein god kamp av heimelaget. Stillinga til pause var 1-0. Dagens spelar på Selje Idrettspark var Joachim Refvik som laga hattrick.... Bildet: Stig Høynes var på kampen, sjå www.haugenfotball.no mange flotte bilder frå kampen...

Selje som forrige helg måtte stille med eit redusert lag, stilte mykje sterkare i dag då fire spelarar var tilbake. Heimelaget var innstilte på å gå for ein ny heimeseier.

Selje opna forrykande og Gaute Otnes var åleine gjennom før eit minutt var spelt, men skotet gjekk på keeper. Men mål vart det to minutt seinare. Joachim Refvik kom seg fri innanfor sekstenmeteren og skaut forbi keeper. 1-0 og heimelaget hadde fått opninga dei ynskte seg.

Gaute og Joachim herja med Eikefjordforsvaret i ein periode. 10min: Joachim vann duell og fekk frispark på kanten av sekstenmeteren. Gaute fekk nesten foten på frisparklegget, men keeper snappa ballen. To minutt seinare vann Gaute ballen i god posisjon og la inn, nesten igjen på innlegget....19min: Joachim skyt på halvspretten, men traff ikkje skikkeleg.

Stor Seljesjanse i det 43min då Alexander Bickel spelte Gaute gjennom, som nesten nådde ballen før keeper. Rikard Rekdal sende avgarde eit bra skot frå 20meter eit minutt seinare, men keeper redda.

Selje gjekk i garderoben med 1-0 leiing som kunne vore større. God omgang der heimelaget periodevis dominerte.

Eikefjord var meir med det fyrste kvarteret i 2.omgang og kampen jamna seg ut, utan at det resulterte i dei store målsjansane. Joachim kom seg fri på hjørnet av sekstenmeteren i det 62min, men skotet gjekk over. To minutt seinare bommar keeper på utspel og ballen går rett i beina på Joachim. Skotet går like til side for mål, stor sjanse. I det 65min lukkast det for heimelaget. Igjen var det Joachim som fekk ballen og skaut kontrollert i hjørnet frå 16-17 meter. 2-0 til Selje.

To minutt seinare heldt same mann på å score igjen, då keeper mista ballen etter skot frå 20 meter. Eikefjord hadde ein bra sjanse etter 70min, med skot over etter corner. I det 77min kom Joachim gjennom forsvaret og skaut. Ballen gjekk i foten på keeper og ut til corner. Ny stor målsjanse.

Eikefjord hadde ein bra målsjanse i det 85min, då ein spelar i trengt posisjon kom fri på straffemerket. Men skotet gjekk utanfor. I det 88min kom Gaute seg gjennom forsvaret, runda keeper og fri bane mot ope mål. Han trilla ballen til Joachim som spaserte ballen i mål. Hattrick og 3-0 til Selje.

Seljetrenar Idar Taklo var svært fornøgd etter kampen. "I dag spelar vi ein god kamp, der alle mann bidreg til seieren. Vi viser igjen at når vi stiller bra fulltallige kan vi gje dei fleste laga kamp om poenga. Det var veldig kjekt å lukkast på heimebane igjen og vi tok tre fortente poeng", seier Taklo.

 Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Martin Hove, Alexander Corneliussen, Severin Rokne, Alexander Bickel, Rikard Rekdal (Anders Rekdal frå 85min), Viktor Front (Aleksander Kvernevik frå 80min), Gaute Otnes (Idar Taklo frå 90min), Joachim Refvik.  

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.