13.04: Offisiell opning ny kunstgrasbane

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Apr 2014

Selje IL føretok laurdag offisiell opning av den nye kunstgrasbana som vart bygd i april 2013. Opninga markerte også at grusbana ved skulen fekk kunstgras i fjor, då deler av det gamle dekket vart lagt der. Kretsleiar Sogn og Fjordane Fotballkrets, Robert Endestad, føretok den offisielle opninga (flankert av Seljespelarane Oliver og Isabell) då dei braut det kvite og blå bandet. (foto: www.haugenfotball.no)  

 

 

Byggjenemnd for anleggsprosjekta har vore, frå venstre: Atle Solheim, Ola Hove, Svein Kåre Aarsheim, Erik Midtgaard, Arne Hjertenes.                   (foto: www.haugenfotball.no)

"Keeper" Ordførar Ottar Nygård greidde ikkje å stoppe skota frå dei tre straffeskytterane. (foto: www.seljefotball.no

Ola Hove og Svein Kåre Aarsheim rullar ut kunstgraset......                     (foto: www.seljefotball.no)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje kommune helsa og gratulerte med det nye flotte anlegget.             (foto: www.seljefotball.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kretsleiar Robert Endestad gratulerte og rosa Selje IL for flott arbeid. Både med bygginga av ny flott kunstgrasbane og med FairPlay-arbeidet i klubben.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.