Seljecup 2023, 9.-11.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 25. Okt 2022

Vi gledar oss til å kunne ynskje velkommen til Seljecup igjen. Den tradisjonsrike og populære turneringa vert i 2023 arrangert for 27.gong, helga 9.-11.juni. Invitasjon og info. reknar ein med  å sende ut i februar. 

Vi veit at mange planlegg tidleg og vi har begynt å få henvendelsar med spørsmål om Seljecup 2023. Visst du har spørsmål, ynskjer å førehandsreservere plass før ordinær påmelding osv. er det berre å ta kontakt med oss.

Mailadresse: post@seljefotball.no   

Tlf. 99247687 




Info. og program Seljecup 2022

Postet av Selje IL - Fotball den 7. Jun 2022

Innsjekking ved blått klubbhus/klatrepark ved stadion. Laga henvender seg i innsjekkinga ved ankomst og får utlevert div. info. og programhefte. Overnattande lag med C-kort blir tilvist/vert følgde til overnattingsstad etter innsjekking.

Nedanfor er utdrag frå Seljecup 2022 programhefte:

Cup-program 

 Fredag 10.juni

frå kl. 17.00                Mottaking/registrering av lag

kl. 20.00-ca.22.30       Kveldsmat i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

 Laurdag 11. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

frå kl. 8.00                  Mottaking/registrering av lag

kl. 8.30-20.00             Klasse: G10, G11, G12, G13, G14, J10, J11, J12,  J13, J14. Finalar G14 og J14. 

Frå ca. kl.12.00           Trikseshow v/Tobias Brandal Busæt og sal av trikseballar laurdag og søndag

kl.12.00-15.00            Lunch i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort

kl. 16.00-ca.20.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. Middag for overnattande lag med C-

                                   kort. 

kl. 20.00-23.00            Cup-diskotek m/DJ i Selje Samfunnshus. 

                                   Aldersgrense 10-16 år. Gratis for alle cupdeltakarar med C-kort. Billett andre: kr. 50,-    

Søndag 12. juni

kl. 7.00-10.00             Frukost i Selje Samfunnshus for overnattande lag med C-kort. Adgang til å smørje                                         lunchpakke.

kl. 8.00-13.00             Klasse: G10, G11, G12, G13, J10, J11, J12, J13. Finalar G13 og J13. 

kl. 13.00-ca.17.00       Grillselskap. Servering av ulike typar grillmat. 


”Kongleriket”-turnering frå kl.14.00-17.45: 

frå kl. 13.00                Mottaking/registrering av lag i miniklasser 6-9år.

kl.14.00-17.45            ”Kongleriket”-turnering med 75 lag på 14 baner. Klasse: G6, G7, J6, J7 spelar 3-ar på 6 

                                   baner ved skulen. G8, G9, J8, J9 spelar 5-ar på 8 baner på stadion. 

                                   Fokus på frukt/grønt/sunn idrettsmat. 

Matallergi/C-kort: Vi ber om at de melder frå på førehand visst det er matallergiar o.l. som det må takast omsyn til. Kontakt: anne_britt_65@hotmail.com eller tlf. 95844684.

Aktivitetar/program på Seljecup 2022:  Trikseshow v/Tobias Brandal Busæt og sal av trikseballar. Hoppeslott. Boblefotball. Klatrepark v/stadion. Grillselskap laurdag og søndag ettermiddag. Trekning av gåvepremiar.  Cupdiskotek. 

Serveringstilbod på Seljecup: Kiosk v/tribuna – Kafetelt - Pommes-frites telt - Frukttelt -Sal av grillmat laurdag og søndag ettermiddag 




Kampoppsett Seljecup 2022, 10.-12.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Mai 2022

Velkommen til Seljecup 2022!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 26.gong. Etter at cupen måtte avlysast i 2020 og 2021 pga. korona, er det ekstra kjekt å kunne arrangere cup igjen. Det har vore svært god påmelding også i år. Vi har teke inn så mange lag som råd er, nokre lag har stått på vent og ikkje fått plass pga. fullt i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek 144 lag på årets cup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 10.-12.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2022, trykk på linken under:

10-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.30-20.00 og søndag kl.8.00-13.00.  Utlagt 01.06.

6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" søndag frå ca.14.00. Utlagt 06.06.

https://www.profixio.com/app/seljecup-2022/categories


10-14år:  Kampoppsett er utlagt pr. 01.06, trykk på linken ovanfor.

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Lokale lag utan overnatting spelar berre laurdag.

G13 og J13:  Spelar serie på laurdag og søndag, avslutning med finale/bronsefinale/5.-6.pl. på søndag.

G14 og J14: Spelar serie på laurdag, avslutning laurdag kveld med finale/bronsefinale.


Kongleriket 6-9 år: Mail til påmelde lag utsendt 02.06. Kampoppsett blir lagt ut ca. ei veke før turneringa. 

Kongleriket-turnering søndag 12.juni. 75 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.14.00-17.45.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar, kunstgras skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar, kunstgras stadion. 

mvh 

Seljecup 2022

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)




Invitasjon og påmelding Seljecup 2022, 10.-12.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Mar 2022

SELJECUP 2022, 10.-12.juni: Selje Idrettslag har igjen gleda av å ynskje velkommen til Seljecup. Vår tradisjonsrike og populære cup blir i år arrangert for 26.gong. I 2019 feira Seljecup 25-årsjubileum med ei fantastisk cuphelg, deltakarrekord tett på 160lag, over 1200 spelarar frå over 30 klubbar. I 2020 og 2021 måtte Seljecup dessverre avlysast pga. koronapandemien. No håpar vi alle at cupen i år kan gå som planlagt.

Det løner seg å vere tidleg ute med påmelding, då pågangen spesielt i høve overnatting (C-kort) brukar å vere stor, "først til mølla" gjeld.

Vi ynskjer alle velkommen til Seljecup 2022!

Sjå invitasjon og info: seljecup-invitasjon22.pdf

Påmelding trykk på linken under:  

https://www.profixio.com/app/seljecup-2022