Eventyrleg Seljecup!
Postet av Selje IL den 18. Jun 2024
Vi kan slå fast at Seljecup 2024 14.-16.juni vart ein ny kjempesuksess, og ei fantastisk cuphelg slik vi hadde håpa på. Aldri før har så mange delteke på Seljecup, over 1300 spelarar var med. Etter at to lag i Kongleriket trekte seg heilt på tampen, enda det på heile 172 lag som deltok på turneringa.
Vi er glade og stolte over måten arrangementet vart gjennomført på, alt gjekk "på skinner" heile helga. Vi rettar ei stor takk til alle våre dugnadsfolk for framifrå innsats, utan alle dokke hadde det aldri gått. Til og med værgudane spelte på lag med oss, særleg på fredag og laurdag. Folk kosa seg på og rundt stadion, med bading på Seljesanden og alt anna som Selje hadde å by på. Eit par kraftige regnbyger søndag ettermiddag dempa ikkje idrettsgleda.
Vi rettar ei stor takk til Selje Hotel Invest som lånte oss gratis lokaler til overnatting og til Stad kommune for lån av fleire kommunale bygg. Vi takkar alle deltakarlaga for god innsats og godt samarbeid. Vi set stor pris på alle dei flotte tilbakemeldingane som vi har fått på årets Seljecup.
Vel blåst og velkommen til Seljecup 2025, 13.-15.juni!
Resultat sluttspel-klasser Seljecup 2024
Postet av Selje IL den 18. Jun 2024
J13/14
Måløy vann klasse J13/14 etter 1-0 mot SIF/Hessa i finalen.
A-sluttspel:
nr.1 Måløy 1
nr.2 SIF/Hessa
nr.3 Selje/Stadlandet
nr.4 Sula blå
B-sluttspel:
nr.1 Måløy 2
nr.2 Måløy 1
nr.3 Bremanger
nr.4 Sula kvit
C-sluttspel:
nr.1 Valder 1
nr.2 Valder 2
nr.3 SIF/Hessa rød
nr.4 Hareid
G13/14
Eid vann klasse G13/14 etter 4-1 mot Selje/Stadlandet i finalen
nr.1 Eid
nr.2 Selje/Stadlandet
nr.3 Blindheim
nr.4 Skodje svart
nr.5 Skodje gul
nr.6 Vanylven
Årsmøte Selje IL onsdag 20.mars kl.18.30
Postet av Selje IL den 7. Mar 2024
ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG
Tid: onsdag 20.03.24, kl 18.30
Stad: klubbhuset til Selje idrettslag
1. Konstituering
a. Godkjenning av innkalling
Innkalling publisert på idrettslaget sin nettstad og fb-side 7.mars 2023
Framlegg til vedtak: innkallinga vert godkjent
b. Val av ordstyrar
Framlegg frå styret: Marilyn Osmundsvåg
c. Val av skrivar
Framlegg frå styret: Monica Villard
d. Val av 2 personar til å skrive under protokoll
Framlegg frå styret: Kristoffer Hove og Anita Krakereid
2. Årsmelding
Presentasjon av årsmeldingar.
Styret si innstilling: årsmeldingane vert godkjent
3. Rekneskap 2023
Presentasjon av rekneskap for 2023.
Styret si innstilling: rekneskapen for 2023 vert godkjent
4. Kontigentar
Styret si innstilling:
a) Endre alder for born som er inkludert i familiemedlemskap frå 17 til 18 år
b) Familiekontigenten forblir uendra; kr 450,- pr.familie
c) Dei øvrige kontigentane er uendra
5. Budsjett 2024
Presentasjon av budsjett 2024.
Styret si innstilling: budsjett 2024 vert godkjent
6. Oppfølging av vedtak i kommunestyret etter Selje IL sin invitasjon om samarbeid med å etablere ein fleirbrukshall i Selje
Saka var oppe i kommunestyret 15.12.23, der kommunestyret gjorde følgande vedtak:
Stad kommunestyre ber administrasjonen gå i samtaler med Selje idrettslag for å finne ut hvordan Stad kommune kan stå for bassengdelen (opplæringsbasseng) i et samarbeid om å realiserer Sunnivahallen. Dette for å sørge for basseng til lovpålagt svømmeopplæring som en del av avtalen i sammenslåingen mellom Eid og Selje kommune. Saka kjem opp i 2024.
Styret si innstilling: Styret oppnemner ei hall-gruppe som skal vere i dialog med kommunen. Eit av medlemmane skal vere frå styret, og gruppa skal rapportere til styret.
7. Val
Valnemda presenterer si innstilling.
Solid heimesiger over Fure
Postet av Selje IL den 13. Sep 2021
Selje fekk besøk av Fure 12. september.
Heimelaget fekk ei scoring i 1. omgang og gjekk til pause med 1-0
Andreomgangen vart ein festomgang og sluttresulatet enda på 7-1.
Spesielt kjekt å sjå 3 debutantar for heimelaget som fekk erfaring saman med etablerte spelarar.
Per Martin Silva Grytting, Mohammad Ali og David Hamre Da Silva fekk alle sin debut idag.
Vi gler oss til neste kamp.