Årsmøte Selje IL onsdag 20.mars kl.18.30
Postet av Selje IL den 7. Mar 2024
ÅRSMØTE SELJE IDRETTSLAG
Tid: onsdag 20.03.24, kl 18.30
Stad: klubbhuset til Selje idrettslag
1. Konstituering
a. Godkjenning av innkalling
Innkalling publisert på idrettslaget sin nettstad og fb-side 7.mars 2023
Framlegg til vedtak: innkallinga vert godkjent
b. Val av ordstyrar
Framlegg frå styret: Marilyn Osmundsvåg
c. Val av skrivar
Framlegg frå styret: Monica Villard
d. Val av 2 personar til å skrive under protokoll
Framlegg frå styret: Kristoffer Hove og Anita Krakereid
2. Årsmelding
Presentasjon av årsmeldingar.
Styret si innstilling: årsmeldingane vert godkjent
3. Rekneskap 2023
Presentasjon av rekneskap for 2023.
Styret si innstilling: rekneskapen for 2023 vert godkjent
4. Kontigentar
Styret si innstilling:
a) Endre alder for born som er inkludert i familiemedlemskap frå 17 til 18 år
b) Familiekontigenten forblir uendra; kr 450,- pr.familie
c) Dei øvrige kontigentane er uendra
5. Budsjett 2024
Presentasjon av budsjett 2024.
Styret si innstilling: budsjett 2024 vert godkjent
6. Oppfølging av vedtak i kommunestyret etter Selje IL sin invitasjon om samarbeid med å etablere ein fleirbrukshall i Selje
Saka var oppe i kommunestyret 15.12.23, der kommunestyret gjorde følgande vedtak:
Stad kommunestyre ber administrasjonen gå i samtaler med Selje idrettslag for å finne ut hvordan Stad kommune kan stå for bassengdelen (opplæringsbasseng) i et samarbeid om å realiserer Sunnivahallen. Dette for å sørge for basseng til lovpålagt svømmeopplæring som en del av avtalen i sammenslåingen mellom Eid og Selje kommune. Saka kjem opp i 2024.
Styret si innstilling: Styret oppnemner ei hall-gruppe som skal vere i dialog med kommunen. Eit av medlemmane skal vere frå styret, og gruppa skal rapportere til styret.
7. Val
Valnemda presenterer si innstilling.