08.08: Endre Kupen show, scora 5 mål mot Eid 2!

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2006

 

Selje2/Stadlandet låg under 5-2 etter 63 min av 6.div.kampen mot Eid 2 i kveld. Alle trudde kampen var tapt, men då var det duka for Endre Kupen show! Fantastiske 5 mål i løpet av dei siste 25 minutta av 16-åringen, og heimesiger 7-5!

 

Selje2/Stadlandet var godt med i fyrste halvdel av 1.omgang og scora det fyrste målet. Deretter styrte Eid 2 kampen heilt og skapte masse sjansar utover kampen. Fleire gode redningar av  Tom-Øyvind Solheim i heimemålet hindra fleire baklengs i denne perioden. Då Eid gjekk opp til 5-2 leiing etter 63 minutt, rekna alle med at kampen var avgjort.

Men siste års guttespelar, Endre Kupen som også hadde ei flott turnering til liks med laget sitt på Norwaycup, ville det annleis. Smått fantastiske 3 mål i løpet av 4 minutt snudde kampen, og deretter kom det to til. "Svimle" Eid 2 spelarar vart snurra rundt og avdribla så det var ei fryd, og alle fem måla var skikkelege perler.

Eit klart heimetap var dermed snudd til heimesiger 7-5.

 

1-0 (12 min) Jørn Tore Sande, 1-1 Anders Midthjell (35min), 1-2 (38min) Arne Morten Nydal, 1-3 (40min) Kim Svarstad, 1-4 (49min) Anders Midthjell, 2-4 (58 min) Arne Refsnes på straffe, 2-5 (63 min) Aksel Myklebust, 3-5 (65 min) Endre Kupen, 4-5 (67min) Endre Kupen, 5-5 (68 min) Endre Kupen,  6-5 (78min) Endre Kupen, 7-5 (90min) Endre Kupen.

Dommar: Ronny Stian Hopland, Skavøypoll

Gult kort: Henrik Aarsheim, Selje + 1 til Eid

Rødt kort: Thomas Jørgensen, Selje 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.