02.09: 3.div. Selje mista to poeng mot Kaupanger

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Sep 2006

Selje mista to viktige poeng i botnstriden mot Kaupanger i dag. Denne kampen hadde heimelaget fortent å vinne, men slik gjekk det ikkje. Kaupanger utlikna til 1-1 på straffe 10 min før slutt.

Det vart ein spennande kamp i Selje Idrettspark i dag framfor 161 betalande tilskodarar. Selje spelte ein god fyrsteomgang og skapte mange sjansar. Ein god Vegard Skjeldestad i Kaupangermålet heldt bortelaget inne i kampen. Men etter 39 min. i fyrste omgang fekk Selje endeleg utteljing. Trond Hamre sette inn 1-0 for heimelaget etter assist frå Kenneth Pedersen.

Selje fortsette å skape sjansar utover starten av 2.omgang, men som ofte før når eit lag pressar på utan scoring, nærmar motstandaren seg. Ei litt unødvendig straffe i det 80.minutt, sette Jørn Skjeldestad sikkert i mål og 1-1. Begge laga pressa på mot slutten av kampen for å avgjere, men det ebba ut med 1-1 og poengdeling. Eit resultat som Kaupanger hadde mest grunn til å juble for. Sjansestatistikken 9-3 til heimelaget stadfestar det.

PS!  Mot slutten av kampen kom Roger Hamre (45) inn for ein annan Seljeveteran Frode Nøstdal (44). (Desse to karane toppar adelskalenderen, og har til saman tett på 700 obligatoriske kampar for Selje). Når så guttespelaren Ole Andreas "Oen" Solheim (15) kom inn og fekk sin debut på A-laget, avslutta Selje med den eldste og den yngste spelaren i årets 3.divisjon!

Repr. for Sogn og Fjordane Fotballkrets, Rune Sunde, var til stades under kampen for å vurdere kamparrangementet. I følgje Sunde sine kommentarar etter kampen var dette svært bra, og nok til å sende Selje til topps i konkuransen mellom klubbane i 3. og 4. divisjon.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal og Peter Bergesen delte denne.

Firdastjerna gjekk til: Jan Runar Trandal, Selje

Gule kort: Gaute Otnes, Selje + to til Kaupanger

Dommar: Karl Inge Wolff, Hyllestad                                                                       Ass.dommarar: Kjell Alme, Sandane og Tom Erik Sandal, Jølster


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.