05.09: 6.divisjon, Selje 2/Stadlandet vann 7-0 mot Veten/Hardbagg

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2006

Selje 2/Stadlandet tok ein ny siger på heimebane i kveld mot Veten/Hardbagg i 6.divisjon. Heimelaget vann solide 7-0 til slutt, etter 2-0 ved pause.

Selje 2/Stadlandet mønstra eit sterkt lag til kampen, med fleire spelarar frå 3.divisjonsstallen (Kai Arne, Kristoffer, Tom-Øyvind, Endre, Atle). Når så også dei andre på laget gjer manns jobb, var det eigentleg aldri tvil om kven som ville innkassere poenga. Noko ujamnt spelemessig, men bra flyt i periodar og då kom sjansane. Veten/Hardbagg kom også til ein del store sjansar, men vart stoppa av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim. Endre Kupen teikna seg for 4 nye scoringar i kveld, og har til saman heile 9 scoringar på dei to kampane han har spelt i årets 6.div.

Ein triveleg kamp for eit trufast heimepublikum. 

Målscorarar: Endre Kupen (4), Roger Hamre, Ove Hoddevik og Tommy Silden.

Dette var siste heimekampen, og no står berre bortekamp mot Skavøypoll igjen neste tysdag. Det er berre å gratulere spelarar, trenarar og støtteapparat med ein flott gjennomført sesong i 6.divisjon.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.