09.09 3.div. TMFK-Selje 1-1

Postet av Selje IL - Fotball den 9. Sep 2006

Selje hadde fortent alle poenga mot TornadoMåløy i lokaloppgjeret på Refvik i ettermiddag. Selje leia 1-0 ved pause i sterk motvind, men TMFK utlikna i 2.omgang og fekk med seg det eine poenget. 

Selje starta forrykande og sette TMFK under press. Berre etter 5 minutt scora Seljekaptein Jan Runar Trandal på frispark, som han sette kontant nede i hjørnet. Dermed ei pangopning og 0-1 til Selje, til stor jubel for dei mange Seljesupporterane på sidelinja. Vi talde ikkje, men nærare halvparten av tilskodarane på kampen støtta bortelaget. Flott med supporterar som stiller opp!

Etter kvart kom TMFK seg av sjokkopninga, og i sterk medvind sette dei Seljelaget under kraftig press resten av omgangen med mange cornerar og dødballar som blei slått inn i feltet. Ein travel omgang for ein god Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim, som etter dommaren si meining felte Tore Rylandsholm etter 25 min. spel og dermed straffe til TMFK. Ei svært tvilsam avgjerd frå vår posisjon. TMFK keeper Per Magne Løken sette straffa i tverrliggaren og over, og fortsatt leiing til bortelaget.

Selje hadde også ein del store målsjansar utover 1.omgang på kontringar, men fekk ikkje utteljing. Særleg Endre Kupen var ein trussel mot TMFK forsvaret og var nær scoring.

I 2.omgang var det Selje som hadde medvind. Men det var TMFK som scora. Eit gjennomspel på høgresida med påfølgjande innlegg, vart sett i mål av 15-åringen Sveinung Frantzen. Begge lag spelte seg fram til feite målsjansar utover omgangen men utan resultat. Selje var nærast å ta alle tre poenga mot slutten av kampen, men ballen ville ikkje i mål. Dermed ebba kampen ut med 1-1 og poengdeling. Eit resultat som TMFK har mest grunn å vere fornøgd med. 

Det er veldig små marginar i fotball. Selje har to uavgjorte på rad, begge i kampar som burde ha gitt 3 poeng. Med siger i desse kampane ville Selje for alvor hekta seg på i kampen i botnstriden. Men Seljelaget skal ha ros for heilhjerta jobbing, og viser at dei er på talefot med dei fleste laga i divisjonen.  

Firdastjerna gjekk til: Jan Runar Trandal, Selje

Gule kort: Kristoffer Hove, Jan Runar Trandal + 1 til TMFK

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Peter Bergesen, Anders Eltvik, Kristoffer Hove, Kennet Honningsvåg, Frode Nøstdal, Jan Runar Trandal, Endre Kupen (Trond Hamre frå 76.) , Kenneth Pedersen, Karl Erik Aarsheim 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.