16.09: 3.div: Sluttspurt gav Seljesiger 4-3 over Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 16. Sep 2006

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publikum fekk full valuta for inngangsbilletten i dagens kamp. Dei fleste trudde kampen var tapt då Høyang gjekk opp til 3-1 etter 74 min. spel. Men heimelaget ville det annleis. Tre mål det siste kvarteret, gav heimesiger og kjempestemning. 

Dette vart ein skikkeleg publikumsgodbit. Eit trufast og entusiastisk heimepublikum (162 betalande) kunne etter nokre nervepirrande sluttminutt, sleppe jubelen laus. Ei utruleg opphenting av heimelaget, gjer at draumen om 3. divisjonsspel neste sesong framleis er levande.

Selje tok leiinga alt etter 17 minutt. I mølja framfor Høyangmålet nådde Kenneth Pedersen høgast og heada inn 1-0 for heimelaget. Men i det 25 min. utlikna Høyang etter famlande forsvarsspel, Edin Agovic var sist på ballen.  Og berre to minutt etter ny Høyangscoring, også denne av den lettvinte sorten. Innlegg mot bakerste stolpe, og der stod ein umarkert Alexander P. Øen og dermed 1-2. Resten av omgangen skapte Høyang mest og var farlegast framfor mål.

I 2.omgang starta Selje best, og skapte mest sjansar men utan utteljing. Høyang scora på ein av få sjansar i denne omgangen etter 74 min. Ballen vart slått rett gjennom mot mål, Selje klarte ikkje å få ballen vekk, og i mølja framfor mål kunne Alexander P. Øen putte inn sitt andre mål for dagen. Då trudde dei fleste at kampen var køyrt.

Men heimelaget kom sterkt tilbake. Endre Kupen som kom inn etter 61 min. var frisk på venstrekanten. Den flotte scoringa i det 76. min, der Kupen frå skrått hald lobba over keeper og inn i hjørnet, tente heimelaget. Etter at Seljetrenar Ola Hove la om til tre bakerst og sette også inn Trond Hamre, vart det endå meir trykk framover. Ny scoring etter 80 min, etter eit skot av Kristoffer Hove som keeper burde redda. Selje trykte på framover, og etter 89 min fekk heimelaget frispark nærare 30 meter frå mål. Seljekaptein Jan Runar Trandal knalla til. Ballen gjekk som eit prosjektil inn i nota, og 4-3 leiing til heimelaget. Enorm jubel på og utanfor bana etter den utrulege snuoperasjonen.

Høyang fekk eit billeg frispark utanfor hjørnet av 16 meteren på overtid, men Kai Arne Otneim kasta seg fram og blokkerte skotet. Og då dommar Ragnar Åmot bles i fløyta var det ville jubelscener ute på bana. Endeleg avgjorde Selje ein kamp på slutten til sin fordel.

Dagens heimespelar: Jan Runar Trandal

Firdastjerna: Jan Runar Trandal

Gule kort: 1 til Høyang + gult til Jan Runar Trandal

Dommar: Ragnar Åmot   Ass.dommarar: Per Olav Erikstad og Rune Haugland

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Gaute Otnes, Peter Bergesen, Anders Eltvik (Trond Hamre 78 min), Kristoffer Hove, Frode Nøstdal (Endre Kupen 61 min), Jan Runar Trandal, Kennet Honningsvåg, Karl Erik Aarsheim, Kai Arne Otneim, Kenneth Pedersen.

Ubenytta reservar: Idar Taklo, Ole Andreas Solheim,  Odd Helge Losnegård, Ole Refsnes, Martin Hove.

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.