21.09: Ny "cupfinale" til helga

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Sep 2006

Dagen er torsdag og veka nærmar seg slutten med stormskritt. Dermed nærmar også det seg ei ny runde i den så frykteleg spennande sluttspurten i 3.divisjon.

Trenar Ola har sagt at kvar ein kamp i haust blir som ein "cupfinale" for oss. Alle kampar må vi kjøre på for fullt og ta flest mogeleg poeng i for å fortsatt ha håp om 3.divisjonspel neste sesong. Spennande og fartsfylte oppgjer har hengt tett på ei snor sidan sommerpausa var over 29.juli.

Selje har tatt mange poeng i haust, kun Stryn og Dale har makta å teke i frå oss alle 3poenga. For ser vi no tilbake, kan vi være stolte av det vi har gjort. Med tæl og enorm innsatsvilje har vi bevist at vi er ingen "kasteball" og at vi er gode nok for 3.divisjon.

Etter forrige helgs snuoperasjon mot Høyanger, fikk vi endeleg oppleve at marginane bikka vår veg også. Det var godt å sjå frisparket til captain Trandal fyke i nota på overtid, og endeleg ta ein 3poenger.

Men denne kampen er no forlengst historie, lørdag er det Førde som ventar på bortebane. Eit av dei dessidert beste laga i 3.divisjon. Ingen enkel oppgåve. Men vi har bevist at ingen ting er umogeleg før. VI skal kjempe det vi er gode for når dommaren bles i gang oppgjeret på Førde Stadion lørdag kl.16.00, poeng i denne kampen er reint bonus for oss.

Om du har muligheten, ser vi deg veldig gjerne på Førde Stadion, ingen ting er meir motiverande enn å sjå og ikkje minst høyre "kjentfolk" på sidelinja.

Til kampen mot Førde manglar vi ein del spelerar, kaptein Jan Runar Trandal, Frode Nøstdal, Kenneth Pedersen, Peter Bergesen, Espen Nøstdal, Ole Refsnes, Arne Refsnes.

HEIA SELJE!

En for alle, alle for en!

Mvh, A-laget, v/Tom-Øyvind Solheim. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.