03.03: Sølv for guttelaget på innandørs-KM

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Mar 2007

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Selje tapte finalen i gutteklassen med 4-3 mot Florø i ein spennande og dramatisk finale. Laget leia ei stund 3-0, og det låg an til reprise frå i fjor, då Selje sitt guttelag gjekk heilt til topps i innandørs-KM.  Småjentelaget og jentelaget kom ikkje til finalespel denne gongen.  

sjå alle resultat frå dagens kampar: www.tmfkfotball.no 

 

 

 

Gutar 15/16 år

Selje vann si pulje i gutteklassen med overbevisande resultat: Selje-Sandane 4-0, Høyang2-Selje 2-2, Selje-Sogndal 5-1. Dermed var Selje klar for finale i innandørs-KM for andre år på rad. Motstandar var Florø som også vann si avdeling etter tre sigrar.

Finalen vart svært spennande. Selje opna klart best og trykte skikkeleg på frå start. Det resulterte i 3-0 leiing, etter scoringar av Ole Andreas Solheim (2 mål) og Runar T. Aarsheim (1 mål). Då var kampen halvspelt og det såg ut til at Selje skulle gjenta bedrifta frå i fjor og vinne KM også i år. Men Florø kjempa seg inn att i kampen og reduserte til 3-1, og snart til 3-2. Selje vart hardt pressa, men keeper Sigmund Bjørgan varta opp med fleire flotte redningar. Nokre få minutt før slutt utlikna Florø til 3-3. Og vel eitt minutt før slutt, gjekk Florø opp til 4-3. Selje makta ikkje å halde oppe "trykket" heile kampen, og tapte til slutt på dette.

Guttelaget var så nær som det går an, frå å gå heilt til topps i innandørs-KM. Vi gratulerer guttelaget med ein flott 2. plass og ein strålande prestasjon.      

 

 Jenter 15/16 år

Selje sine jentespelarar som fleire gonger tidlegare har vore med å kjempa mot dei beste i fylket, nådde ikkje heilt opp i dag. Etter 1 siger (Førde1-Selje 0-2) og 3 knepne tap (Selje-Skavøypoll 2-3, Selje-Sogndal 0-1, Vik-Selje 1-0) var laget utslått og fekk ikkje spele finalekampar i dag.

Likevel god innsats av jentelaget, som igjen viser at dei er i stand til å hamle opp med dei fleste.

 

Småjenter 13/14 år

Selje sine småjenter som deltok på sitt fyrste innandørs-KM, då dei overraska og gjekk vidare frå innleiande runde for ein månad sidan. I dag vart det imidlertid tøft for det unge laget. Laget består for det meste av fyrste års småjenter og tapte sine tre kampar: Askvoll/Holmedal1 - Selje 7-2, Selje-Syril 1-6, Dale-Selje 4-0. 

Men all honnør til småjentene for fin innsats. Dette er jenter som vi kjem til å høyre meir frå i tida som kjem!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.