10.03: Tony Farell, Everton, i Nordfjorhallen 16.mars

Postet av Selje IL - Fotball den 10. Mar 2007

SFFK inviterer til impulskurs med Tony Farell, trenar på Everton sitt fotballakademi. Kurset som går i Nordfjordhallen 16.mars, startar kl. 19.30 og varer ca. 2 timar. Trenarar frå Selje IL som ynskjer å delta, tek kontakt med Fotballgruppa.

Impulskurs med Tony Farrell frå Everton FC

28.2.2007 av Per Are Verlo

SFFK er særs nøgde med å kunne tilby impulskurs med Tony "Tosh" Farrell frå akademiet til Everton FC.

IMPULSKURS MED TONY FARRELL

 

SFFK har gleda av å invitere alle fotballinteresserte til impulskurs med den engelske trenaren Tony Farrell. Tony Farrell, eller ”Tosh” som han kallar seg, er trenar på Everton FC sitt akademi. Dette besøket er eit resultat av den kontakten som SFFK fekk med Everton FC på studieturen i oktober 2006.

”Tosh” har ansvar for Everton FC sine akademilag under 14 år. Han har blant anna vore med på å utvikla spelarar som Wayne Rooney gjennom Everton FC sitt akademi. Everton-akademiet er eit av dei aller beste akademiene i England. ”Tosh” er ein særs etterspurd instruktør og reiser verden rundt for å instruere ungdommar og snakke om "The Everton way". SFFK er glade for at han valgte å sei ja til vår invitasjon.

”Tosh” har gjennom si erfaring med unge spelarar utvikla ein unik måte å ”coache” spelarar på. Det å oppleve han på treningsfeltet er utruleg spennande. SFFK håpar at så mange som mogeleg av dei fotballinteresserte i Sogn og Fjordane møter opp for å få impulsar frå denne engasjerte engelske trenaren.

 

"Tosh" i aksjon på treningsfeltet. Foto: Ivar Thoresen, Fotballtreneren

 

SFFK satsar på 3 impulskurs med ”Tosh” gjennom dei dagane han er i Sogn og Fjordane. Desse kursa er:

 

FREDAG 16/3 KL. 19.30, Nordfjordhallen i Måløy

 

LØRDAG 17/3 KL. 13.00 Florø, Florø Idrettsenter og kunstgrasbana

 

SØNDAG 18/3 KL. 13.00 Sogndal, Auditoriet Campus Fosshaugane og Sognahallen.

 

Kursa er lagt opp med ein teoridel på ca 45 min og praksisøkt på 1,5 time i etterkant. 

 

Deltakaravgift vert kr 250,- pr deltakar.

 

Påmelding til SFFK v/Per Are Verlo på mail: perare.verlo@fotball.no

eller tlf 57628706 / 911835


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.