20.04: Sesongstart for Selje i 4.divisjon

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Apr 2007

Selje startar sesongen alt denne helga med bortekamp i Årdal. Denne kampen var eigentleg sett opp helga 15.-17.juni då det er Seljecup. Kampen vart difor flytta, for at alle skal vere klar til innsats på årets Seljecup.

Keeper på A-laget, Tom-Øyvind Solheim, formidlar her tankar om sesongen 2007. 

Tankar om Sesongen 2007

Ja, då er vi i gang igjen. Denne helga startar det. Ein ny fotballsesong står for døra. Det som vi går og drøymer om heile vinteren, i vind, regn eller snø. Ein lang oppkøyringsperiode med mykje trening er over. No skal det kjempast om poeng.

Etter at Selje rykka opp frå 5.divisjon sesongen 2004 har det meste gått vegen for A-laget. Nytt opprykk i 2005 og Selje var klar for 3.divisjon i 2006 for fyrste gong på 20 år. Vi hadde ein flott sesong i 3.divisjon i fjor, men sesongen enda dessverre med nedrykk. Men ut av det har vi fått mange viktige erfaringar, og vi har vist at Selje verkeleg er ein klubb å rekne med.

Etter sesongen gav Ola Hove seg som trenar. Inn kom Idar Taklo, som har over 300 kampar i kvitt og blått som spelar. Han tok på seg oppgåva å trene Selje på strak arm, og har gjort ein flott jobb med laget.

Det har i vinter skjedd mykje kring Selje sitt A-lag. 8-9 av spelarane som var med i fjor er borte. Nokre er på utlån til andre klubbar, andre er flytta og spelar for andre klubbar. Dette er sjølvsagt noko som merkast både på trening og i kamp.

Men vi legg oss ikkje ned for det, ein må heile tida tenkje positivt. Fleire unge spelarar har teke steget opp til seniorfotball, og blandinga mellom eldre og unge føler vi er bra. Vi har mange unge lærevillige og talentfulle spelarar som er veldig ”svoltne” og heile tida vil bli betre. Vi har eldre spelarar som har erfaring, rutine og gode ferdigheitar.

Vinteren har vi brukt på best mogeleg måte og vi føler at vi står godt rusta framfor sesongen 2007. Mange harde fysiske økter både med og utan ball. Resultata i treningskampane har svinga frå veldig bra til under pari. Inntrykket vi sit igjen med etter oppkøyringa, er at her er eit lag med potensiale. Vi har mange gode spelarar med kvalitetar, og eit støtteapparat med trenarar og oppmenn som mange kan misunne oss.

I Selje skal det sosiale og gode miljøet alltid være i sentrum for laget som spelar i kvitt og blått. Vi er stolte av å spele for Selje, og det å bidra til positiv omtale av laget og bygda.

Vi gledar oss stort til helga når vi set kursen mot Årdal og kamp på søndag. Det ventar oss no to tøffe bortekampar, mot Årdal 2 denne helga, og i Førde neste helg.

Vi håpar at publikum støttar oss både i medgang og motgang også i år. Sjølv om dei gode resultata av og til uteblir, håpar vi at folk er positive. De er veldig viktige for oss, og vi set stor pris på vårt publikum.

HEIA SELJE!

SER DEG PÅ STADION SØNDAG 6.MAI TIL ÅRETS FYRSTE HEIMEKAMP!

for A-laget, Tom-Øyvind Solheim


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.