05.05: Selje vann 5-0 mot Vik

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2007

Selje tok sin fyrste siger for sesongen med 5-0 mot Vik. Stillinga ved pause var 3-0 til heimelaget. Med betre utteljing kunne sigeren blitt endå større.
Dagens målskorarar f.v.Gaute, Oen og Endre

Etter flott innmarsj med Selje, Vik, dommar og maskotar var det klart for fyrste seriekamp på heimebane i år.

Begge laga famla litt i starten. Selje spelte ikkje nokon stor 1.omgang, men kunne gå til pause med komfortable 3-0. Fyrste scoringa kom etter 8 min, då Ole Andreas "Oen" Solheim stod umarkert på bakerste stolpe og heada inn corneren frå Endre Kupen. 2-0 kom berre to minutt seinare. I trengt posisjon innanfor 16 meteren klinka Endre Kupen knallhardt i vinkelen. 3-0 kom på straffe, etter at Endre Kupen vart felt. God dømming av Per Olav Erikstad då han fyrst let Selje få fordel og fortsette angrepet, for deretter å blåse straffe. Gaute Otnes var sikker frå 11-meteren. 

Fyrste halvdel av 2.omgang var dårleg frå Selje, og med litt betre avslutningar kunne Vik redusert. Men Selje sine unge angriparar var ikkje ferdig for dagen. Etter at Selje hadde brent fleire 100% sjansar, var Endre Kupen framme med tåa i det 59.min og trilla ballen over streken og dermed 4-0 (denne scoringa kom etter at "Oen" flikka vidare eit innlegg som var på veg over målstreken, og det var usikkerheit om kven av dei som skal krediterast scoringa).

I det 78 min sende Ole Andreas Solheim  avgarde eit langskot som keeper måtte gje retur på, og der var same spelar på plass og sette inn sitt andre mål for dagen. 

Kampen ebba ut med 5-0 siger til Selje. Ein siger som kunne vore endå større etter fleire feite målsjansar i 2.omgang.

Ole Andreas Solheim vart av juryen kåra til "Dagens Seljespelar".

Trenar Idar Taklo var godt fornøgd med tre poeng på heimebane. "Vi spelar ikkje opp mot vårt beste, men i periodar var det mykje bra, med fine kombinasjonar i angrepsspelet."  

To siste års guttespelarar fekk sin debut på A-laget i dag. Kai-Sindre Moldestad og Anders D. Rekdal vart bytta inn eit stykke ut i 2.omgang.

PS! Andre Kupen vart stygt i skada i ansiktet i ein duell midt i 1.omgang, og måtte berast av bana på båre av Røde Kors-personellet. Mange frykta det verste då han vart henta av ambulanse. Men etter meldingane i kveld, ser det heldigvis ut til å gå bra med Andre.   

 

Seljes startoppstilling:

                                Tom-Øyvind Solheim

Gaute Otnes   Andre Kupen   Espen Nøstdal   Kristoffer Hove

Runar Aarsheim   Kennet Honningsvåg   Jon-Aage Riksfjord

Ken Olav Kupen   Ole Andreas Solheim   Trond Sætren

Benytta reservar: Endre Kupen, Martin Hove, Kai-Sindre Moldestad, Anders D. Rekdal

Dommar: Per Olav Erikstad

8 min:  1-0    Ole Andreas Solheim

10 min: 2-0    Endre Kupen

25 min: 3-0     Gaute Otnes

59 min: 4-0    Endre Kupen  

78 min: 5-0    Ole Andreas Solheim

 Tilskodartal: 141 betalande

Dagens debutantar f.v. Kai Sindre Moldestad og Anders D.Rekdal

Ein sleten Endre Kupen får god hjelp av Vik keeper Stig Roar Hovland.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.