13.08: Stor siger mot Jølster

Postet av Selje IL - Fotball den 15. Aug 2007

Det vart storkalas på Selje Idrettspark søndag. Selje tok i mot Jølster. Forrige møte i vår tapte vi 4-0 i Jølster. Og guttane var skikkelig klare for å slå tilbake for fullt.

Etter ein fartsfylt og meget god fyrste omgang var stillinga 3-0 til pause etter skoringar av Endre Kupen og Runar Aarsheim. Etter pause var nok jøstringane klare for å prøve å slå tilbake, men med 2raske skoringar av Endre Kupen var kampen i realiteten over.

Denne sigeren smakte verkeleg godt, til tross for at Selje mangla 5potensielle startere i troppen, slår vi Jølster 5-0 og det er meget sterkt.

Neste helg reiser vi til Lærdal for å måle krefter med dei. Kampen blir spelt på lørdag. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.