26.08: Selje vann igjen, 4-0 mot Askv./Holmedal

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2007

Selje tok sin tredje strake siger i haust, med solide 4-0 mot Askv./Holmedal. Stillinga ved pause var 1-0 til heimelaget. Selje er dermed med for fullt i toppen av 4.divisjon.

Selje starta kampen best, og berre etter 10 min spel var det klart for 1-0, etter heading frå kaptein Kristoffer Hove. Selje hadde dei fleste sjansane utover omgangen. Bortelaget kom til eit par farlege avslutningar, men keeper Tom-Øyvind Solheim rydda opp. Selje fekk det ikkje heilt til, og det var berre i periodar at spelet glei skikkeleg.

Selje starta best også i 2.omgang. Det skulle gå berre 4 min før Werner Kupen banka inn 2-0 til heimelaget. Askv./Holmedal hadde også nokre store målsjansar utover omgangen, men enten gjekk ballen på feil side av stanga eller vart plukka ned av Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim som hadde ein svært solid kamp mellom stengene.

3-0 kom i det 65 min. Endre Kupen dribla og drog seg laus på 16 meteren, og skaut via keeper i stanga og i mål. Same mann la på til 4-0 i 89 min. med eit godt skot frå utanfor 16meteren. Målet kom etter eit av mange fine Seljeangrep. 

Selje var best og vann til slutt klart. Selje viser i periodar at laget har mange gode spelarar, og det er flott å sjå kor godt dei unge spelarane har teke nivået og utvikla seg vidare denne sesongen. Blanda med dei rutinerte spelarane er dette ein god miks. Askv./Holmedal har hatt ein bra haustsesong, og det var slett ingen lett kamp. Det hadde ikkje vore ufortent om også bortelaget hadde pynta på resultatet.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med resultatet: "Vi vinn klart på ein dag der vi presterer under pari. Vi startar bra i begge omgangar, men kvaliteten utover omgangane blir ujamn. Men vi produserte trass alt mange sjansar, og det er gledeleg at vi har stengt igjen bakover." (Og det har trenaren heilt rett i, for målforskjellen er imponerande 13-1 på dei tre siste kampane!)

 Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Espen Nøstdal, Jon-Aage Riksfjord, Gaute Otnes, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Kristoffer Hove, Frode Nøstdal, Endre Kupen, Werner Kupen.

Benytta reservar: Anders D. Rekdal, Ruben Riksfjord

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Espen Nøstdal

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.