07.09: Toppkamp i 4.divisjon søndag kl.13.00

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Sep 2007

Det er klart for toppkamp i 4.divisjon på søndag kl.13.00, når Sandane kjem på besøk til Selje Idrettspark. Etter at Skavøypoll tapte dagens kamp mot Hornindal, kan vinnaren i denne kampen komme i rygg på serieleiaren igjen. Det er "tett som hagl" i toppen av tabellen, med Selje og Jølster på 2.plass med Sandane eit poeng bak. Vi sjåast på stadion søndag! Kom og hjelp heimelaget til nye poeng!

PS! Åheim spelar på Selje Idrettspark laurdag kl.15.00 i seriekamp 6.div. mot Sæbø. Kampen er flytta frå grasbana på Åheim p.g.a dei store nedbørsmengdene dei siste dagane.   


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.