14.05: Selje IL med stort dugnadsprosjekt på Selja

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Mai 2008

Selje IL har teke på seg eit stort dugnadsarbeid på Bø/Selja for klosterprosjektet. Sidan starten av april har det vore mange dugnadsfolk i sving for å sette opp 1100m gjerde.......

Selje IL har teke på seg ein betalt dugnadsjobb for Klosterprosjektet. Det skal settast opp ca. 1100m gjerde ovnafor eigedommane på Bø. Når gjerdet er ferdig, er meininga at det skal sleppast ut sauer på øya for å ta vare på kulturlandskapet.

Sidan starten av april har Selje IL hatt 12 dugnader, der nærare 40 personar har delteke, ein eller fleire gonger. Det er eit stort og omfattande arbeid som skal gjerast. Gammalt gjerde skal rivast, det skal ryddast for kratt og vegatasjon i traseen og det skal settast opp ny staur og gjerde.

Ein er no komne så langt at godt over halvparten av jobben er gjort.  Dette er eit tidkrevjande arbeid, så her trengst mange hender for å få arbeidet unna.

Har du ikkje blitt kontakta enno, så tek vi imot hjelp med takk. Du kan melde deg til Atle (tlf. 99247687), Adrian (tlf.90620630) eller Svein (tlf.41691842). Blir du kontakta eller sett opp på liste, håper vi at du er like positiv som dei mange som alt har delteke. Når det er mange å dele på, kan dugnad vere både kjekt og sosialt............

 

 

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.