15.05: 16.mai-kamp Firdaligaen: Selje-Høyang kl.17.00

Postet av Selje IL - Fotball den 14. Mai 2008

Så er det klart for 5. runde i Firdaligaen. Selje tek i mot Høyang på 16.mai kl.17.00. Det har vore to spennande og tette heimekampar hittil. Vi oppmodar publikum til å møte fram og hjelpe heimelaget til nye poeng.... Vel møtt på stadion!

Nederlagsdømde Selje har overraska mange i dei fyrste kampane, og står med 5 poeng etter 4 kampar. Høyang har hittil berre teke 1 poeng, og kjem nok til å satse alt på å plukke poeng i denne kampen, for ikkje å bli hengande etter på tabellen.

Det vart ikkje spelt kampar i Firdaligaen i pinsehelga. I forrige runde spelte Selje 1-1 mot Skavøypoll på bortebane, medan Høyang spelte 2-2 mot Florø på heimebane.

Det er duka for nok ein spennande kamp i Firdaligaen på "dagen før dagen".............     

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.