18.05: 17.mai feiring i Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Mai 2008

(foto: Anders Eltvik) Eit fast innslag i barnetoget i Selje er flaggborga, der spelarar frå Selje IL stiller. Småjentelaget hadde show-kamp mot mødrene seinare på dagen..... sjå bilde m.m. under.... 

Fremst i flaggborga med Selje IL-fana, gjekk leiar Adrian Mortensen, flankert av Beate Hove og Susanne Vatnehol. Bra ver på nasjonaldagen, med sol og nordavind. Folk kosa seg med sosialt samver og ulike programinnslag utover dagen. Takk til 17.maikomiteen for flott jobb! 

Etter barneleikane spelte småjentelaget show-kamp mot mødrene (forsterka med eit par fedre). Småjentene stilte med pysjamas, kloggar og smokk - medan mødrene for anledninga stilte i fotballdrakter og fotballsko.

(foto show-kamp: Svein Kåre Aarsheim)

Men utstyret kunne ikkje stoppe småjentene, som finta og dribla og slo pasningar med sine kloggar. Vivian N. Sætren var farleg frampå for "mødrelaget", med susande skot fleire gonger i kampen, og scora alle fire måla. Etter ein sjanserik og morsom kamp stod det 4-4 ved kampslutt. Så skulle det heile avgjerast på straffespark. Etter fleire ekstrastraffer avgjorde så småjentelaget på siste straffa, og kunne juble for seieren i uhøgtidleg 17.mai-moro.   

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.