21.06: Ny uavgjort for Selje

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Jun 2008

Selje spelte uavgjort for fjerde gong i år, då det vart 0-0 mot Kaupanger i Firdaligaen i dag. Selje var nærast sigeren, etter å ha pressa på utover 2.omgang.... 

Selje har i fleire kampar hatt store vanskar med å mønstre "eit slagkraftig lag" og har mangla mange spelarar. Men i dagens kamp var dei fleste med, og Selje stilte med ein av dei sterkaste troppane i årets sesong, med heile 7 mann på innbyttarbenken. Selje har fått forsterka laget siste tida med tre nye spelarar: Kai Arne Otneim på utlån frå Stadlandet, Alexander Wik frå Skavøypoll og Martin Nygård frå Flatraket.

Kaupanger var derimot svekka med bl.a. tidlegare Seljekaptein Jan Runar Trandal ute, og målscorarane Bjarte Vatlestad og Kristian Fardal Opseth.  

Selje opna friskast i regnveret på Selje Idrettspark. Trass ausande regnver heile dagen, skapte det ingen problem på kunstgraset. Etter 12 minutt får Selje ein stor sjanse, men skotet frå Werner Kupen frå 8meter går rett på keeper Vegard Skjeldestad. Etter dette jamnar kampen seg ut. Neste store sjansen kjem i det 25min. Runar Aarsheim legg presist inn frå høgrekanten. Frå 7-8 meters hald breisidar Endre Kupen innlegget på direkten, nokre centimeter utom stanga. Her såg heimepublikummet ballen i mål.... 

I det 30 minutt får Kaupanger sin fyrste store sjanse i kampen. Det harde skotet frå 20meter, vert flott redda av Selje-keeper Tom-Øyvind Solheim og slått ut til corner. To minutt seinare får Kaupanger tre cornerar på rad. På den siste reddar Runar Aarsheim på streken, og headar ballen ut i feltet. Kjempesjanse for Kaupanger. Siste sjansen i omgangen kjem etter 42min. Kai Arne Otneim skyt frå 25meter, men Vegard Skjeldestad slær til corner. Dermed går laga til pause på stillinga 0-0.

Selje startar best i 2.omgang og spelar seg fram til fleire halvsjansar dei fyrste minutta, men får ikkje til skikkelege avslutningar. Etter 52min. vert Kai Arne Otneim felt ved 16meter streken. Dommaren trekkjer ballen utom streken og frispark til Selje. Frisparket vert slått hardt inni feltet. Ein Seljespelar beinar ballen på utsida av stanga.

Etter 54min vert Kennet Honningsvåg felt, og må ut og få hjelp av Røde Kors personellet. Selje pressar stadig meir på, men Kaupanger er farlege på kontingar. Etter 58min. har Kaupanger eit farleg innlegg som blir slått inn frå høgre, og stryk rett over hovudet på to Kaupangerspelarar på bakerste stolpe. Berre eit par minutt etter sette Kjetil Myklebust fart framover med ballen på venstrekanten. Tom-Øyvind Solheim rykkar ut og blokkerer meisterleg skotet frå skrått hald. 

Selje forset å trykkje på for scoring. Berre ein strålande opplagt Vegard Skjeldestad hindrar utteljing. Den aller største sjansen får Werner Kupen etter 76min, då han blir spelt åleine gjennom mot keeper. Men Skjeldestad rykkar ut og blokkerer skotet igjen.  Selje har også ein stor sjanse etter 88min, men Skjeldestad reddar igjen. Dermed ebbar kampen ut på 0-0. Eit resultat som Kaupanger har absolutt mest grunn til å vere fornøgd med. To svært gode keeparar på begge lag hindra scoringar. Vegard Skjeldestad vart belønna med Firdastjerna, og Tom-Øyvind Solheim vart av juryen kåra til dagens Seljespelar.

Seljetrenar Idar Taklo var fornøgd med kampen, men synest at Selje hadde fortent seieren. "Spelemessig så er dette ein av våre beste kampar denne sesongen. Vi spelar fin fotball til tider, men vi sviktar i avgjerande situasjonar framfor mål. Men det er positivt at vi held nullen, og at vi trass alt har teke poeng i 5 av 10 kampar i Firdaligaen", seier Idar Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Martin Hove, Peter Bergesen, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar Aarsheim, Kai Arne Otneim, Werner Kupen, Endre Kupen.

Benyttar reservar: Runar Aarsheim ut, Trond Hamre inn (frå 60.min), Martin Hove ut, Jon Aage Riksfjord inn (frå 73.min).

Ubenytta reservar: Alexander Wiik, Joachim Refvik, Martin Nygård, Runar Nøstdal, Frode Nøstdal.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.