27.07: TSR "Captains Dinner" på Selja

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Jul 2008

Tall Ship Race arrangerer offisiell middag, "Captains Dinner", med ca. 350 inviterte gjester, på klosteret laurdag 2.august frå kl.19.00. Selje IL har teke på seg ansvar for rigging og rydding av utstyr og materiell.....

Det er eit stort opplegg denne kvelden, med 3-retters meny og mykje kulturelt program med song og musikk. Middagen skal føregå på myra nedanfor klosteret, frå kl.19-ca.23. Eit stort pressekorps vil vere til stades.

Selje IL skal bere opp utstyr og materiell frå hamna og opp til klosteret. Her skal det m.a. monterast golv ca.15x25kvm, settast ut bord og stolar osv., oljefat med ved, lagast grill osv. Dugnaden startar på torsdag kl.18.00, med avreise frå småbåthavna kl.17.30. Det vert også litt arbeid å gjere på fredag og laurdag. Opprydding er planlagt til tysdag frå kl.18.00. 

Det blir teke direkte kontakt med folk til dugnadslistene. Er du ikkje kontakta og har du høve til å vere med, ring tlf. 99247687.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.