23.08: Selje vann 3-0 mot Skavøypoll

Postet av Selje IL - Fotball den 23. Aug 2008

Endeleg kunne Selje juble for siger i Firdaligaen igjen. I lokaloppgjeret mot Skavøypoll i dag vann Selje 3-0, etter 2-0 ved pause.....Dermed har Selje fått ei luke på fem poeng til tabelljumbo Skavøypoll......   

Ekstra jubel før kampstart fekk Jan Runar Trandal som gjorde comeback for moderklubben.  Ken Olav Kupen vart kasta innpå som høgreback rett før kampstart, då Joachim Refvik pådrog seg ein strekk under oppvarminga. Dermed stilte Selje med dei 4 brødrene Kupen frå start!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skavøypoll hadde eit ørlite overtak i starten av kampen, men Selje fekk ein pangstart. Alt etter 5 min. var det klart for 1-0. Endre Kupen la corner og ein umarkert Peter Bergesen breisida ballen i hjørnet frå 8-10 meters hald.

Kampen bølga fram og tilbake. Skavøypoll fekk ein stor dobbellsjanse etter 15min., men Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim varta opp med to beinparadar og redda glimrande etter skot frå 10-12 meter. Berre to minutt seinare var Skavøypoll igjen farleg frampå. Eit frispark vart slått mot bakerste stolpe. I duell med Kenneth Pedersen og Tom-Øyvind Solheim, går ballen rett utanfor stanga.

Etter 20 min. får Selje corner igjen. Jan Runar Trandal ragar høgast i feltet og headar mot hjørnet. Der står Andre Kupen og blir sistemann på ballen i kamp med Skavøypoll-forsvarar og 2-0 til Selje.

Utover omgangen er kampen framleis åpen. Selje får to gode sjansar mot slutten av omgangen. Ole Andreas Solheim spelar fram Endre Kupen i det 40min. Kupen går skrått innover og driblar av fleire Skavøypoll-spelarar, før han avsluttar frå 16 meteren. Per Magne Løken kastar seg og sler til corner. I det 44 min er Endre Kupen igjen frampå. Han får ballen på 8-9 meter og skyt hardt, men på utsida av stolpen og i nettveggen. Her ”såg” heimepublikummet ballen i mål. Omgangen vert avslutta med frispark frå Kenneth Pedersen som går over tverrliggaren på Seljemålet. Dermed 2-0 til heimelaget ved pause.

Skavøypoll startar best i 2.omgang, og har ei farleg avslutning etter berre to minutt spel som går like utanfor. Men det er Selje som får utteljing. Etter 56 min blir det 3-0. Endre Kupen breisidar inn frå 10-12 meter, etter eit flott raid og innlegg frå bror Werner Kupen. Skavøypoll har ein kjempesjanse etter 60 min., ballen blir vippa over tverrliggaren frå 3-4 meters hald.

Men utover omgangen får Selje etter kvart meir kontroll, og eit rekordstort heimepublikum byrjar verkeleg å tru på tre poeng. Etter 63 min er Werner Kupen igjen på ferde på venstrekanten. Det presise innlegget, skyt Endre Kupen like utanfor stanga.

Selje har ein ny god sjanse etter 79 min. Kaptein Kristoffer Hove kjem seg ned langs høgresida, og legg inn til Trond Hamre. Men Hamre får ikkje skikkeleg treff med venstra og ballen går utanfor.

Selje kontrollerer inn sigeren resten av kampen, og kan etter 92 min spel sleppe jubelen laus for fyrste sigeren i Firdaligaen sidan sesongpremieren mot Fjøra 12.april.

Alle Selje-spelarane gjorde manns jobb i dag, ville mest, og vann til slutt ein fortent siger.  

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Peter Bergesen, Andre Kupen, Ken Olav Kupen, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Jan Runar Trandal, Endre Kupen, Werner Kupen.

Benytta reservar: Frode Nøstdal etter 46 min (for Runar T. Aarsheim), Trond Hamre etter 65min (for Ken Olav Kupen), Aleksander Kvernevik etter 85min (for Peter Bergesen).

Andre reservar: Runar Nøstdal, Espen Sandviknes, Martin Hove

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Andre Kupen

Tilskodartal: 210

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.