30.08: Selje tapte mot Høyang

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Aug 2008

Høyang vann 2-0 mot Selje i Firdaligaen, etter 1-0 ved pause. Kampen var jamn og sjansefattig, men Høyang scora.............  

Selje stilte med ein nesten fulltallig tropp til dagens kamp, og hadde tru på poeng i den vanskelege bortekampen mot Høyang.

Selje hadde den fyrste store sjansen i kampen og var nær scoring etter 11min. Men i ein sjansefattig omgang var det Høyang som fekk utteljing. Ein Seljeforsvarar heada eit langt framspel opp i lufta og i beina på Kristoffer Iversen, som runda keeper og sette ballen i mål etter 27min spel.  Selje hadde eit farleg frispark frå Kennet Honningsvåg som slo i tverrliggaren.

Selje hadde ballen vel så mykje som Høyang i ein litt kjedeleg fyrste omgang med få målsjansar. 

Også 2.omgang var jamn, og Selje kunne fort plukka med seg poeng i denne kampen. Thomas Frichsen hadde to sjansar etter 60min då ballen gjekk i stolpen, og etter 61min då Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim slo skotet til corner.

2-0 til Høyang kom på straffe etter 71min. Ei unødvendig felling innanfor 16meteren førte til straffa, som Thomas Frichsen sette sikkert i mål.  Werner Kupen hadde den største Seljesjansen i omgangen, men nådde ikkje heilt fram på innlegget.

Seljetrenar Idar Taklo var skuffa etter tapet. "Vi kunne fort plukka poeng i denne kampen. Det var jamnspelt og likeleg fordelt med sjansar til laga, men vi blir straffa igjen for personelge feil på måla vi får i mot. Innsatsen til spelarane er upåklageleg, men eg synest vi skapar for lite og blir for unøyaktige i pasningsspelet".  

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Jan Runar Trandal, Andre Kupen, Gaute Otnes, Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Jon Aage Riksfjord, Werner Kupen, Endre Kupen.

Benytta reservar: Frode Nøstdal etter 64min (for Jon Aage Riksfjord), Martin Nygård etter 76min (for Runar Aarsheim), Runar Nøstdal etter 90min (for Kristoffer Hove).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.