03.09: Selje-Førde fredag kl.18.30

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Sep 2008

Ny heimekamp i 3.divisjon, når vi ynskjer serieleiar Førde velkommen til Selje Idrettspark fredag kl.18.30.......Les meir om 17.runde i Firdaligaen og Seljefotballen, sjå under......

Velkommen til Selje!

Vi ynskjer velkommen til Selje Idrettspark og ny kamp i Firdaligaen. I vårsesongen vann Førde komfortabelt 7-0. Etter ein sterk sesong og med ambisjonar om opprykk, vil sjølv den største optimist ha vanskar med å tru på anna enn ein ny siger til Førde i dagens kamp. Men ballen er heldigvis framleis rund……………

Selje tok sin andre siger for sesongen i forrige heimekamp mot Skavøypoll, og ligg nest sist på tabellen. Trass dette stiller vårt trufaste publikum opp, og vi er glade for eit snitt på nærare 200 tilskodarar i år.

Det er på mange måtar naturstridig at Selje skal mønstre eit lag i fylkets øverste divisjon. For eit par år sidan omtala Firda i ein stor reportasje ”Fotballeventyret i Selje”…. Ja, for det er kanskje eit lite eventyr?

Bak eventyret ligg evne og vilje til å skape noko og kontinuitet. Selje er ein breiddeklubb som er bygd på dugnad, godt miljø, entusiasme og innsats som varemerke.

Selje IL har satsa hardt på anleggsutvikling. Etter 25 år utan nye anlegg, kunne klubben opne ny kunstgrasbane med flomlys i 2003. I tillegg har Selje IL bygd ballbinge, trimløype med lys, løkke i gras og rehabiltert grusbane og friidrettsanlegg.

Gode anlegg og målretta jobbing over tid, har ført til at Selje dei siste åra har vore med i ”det gode selskap”. Klubben har i mange år hatt stor aktivitet i aldersfastlagde klasser, og har ved fleire høve hatt lag og einskildspelarar som har hevda seg godt på kretsnivå. Seljecup som i 2008 vart arangert for 14.gong, med nesten 160 lag og over 1300 spelerar, har blitt ei merkevare og eit arrangement som vi er stolte over.

Selje er ein utkantkommune, som i fleire år dessverre har slite med fråflytting og minkande folketal. Det merkast også på fotballbana. Selje har meir enn eit heilt lag av spelarar som bur vekke, eller er vekependlarar p.g.a utdanning eller jobb. Men felles for alle er at dei har band til heimemiljøet sitt og ynskjer å vere med å bidra. Fotballen er med og knyter dei til heimplassen og til kameratar. Vi torer å hevde at dette er god distriktspolitikk i praksis…..

Med veldig få spelarar heime i vekene, fører det til at det er uråd å samle spelarane ofte til felles treningar. Det fører også til at Selje stiller med eit variabelt mannskap i sesongen, ofte med mange skiftingar frå kamp til kamp. Dette er sjølvsagt ikkje gunstig, men det er realiteten som vi må forholde oss til, og som vi gjer det beste ut av. Vi kan trygt snakke om ulike konkuransevilkår, når vi skal samanlikne oss med dei beste klubbane i Firdaligaen….…

Vi ynskjer Førde, dommartrio og publikum hjarteleg velkomne til Selje Idrettspark. Vi håpar at Sogn og Fjordane igjen får eit lag i 2.divisjon i neste sesong. Men vi sluttar oss til vår faste speaker sitt ynskje før kamp: ”Måtte det beste heimelaget vinne!”

Med sportsleg helsing

Selje IL, Fotball

Atle Solheim

-leiar-


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.