05.09: Selje tapte 0-1 mot Førde

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Sep 2008

Selje leverte ein god kamp på heimebane i kveld mot den suverene serieleiaren Førde. Ved pause var stilinga 0-0, men eit mål i 2.omgang gav tre poeng til bortelaget........

 

Fyrste ti minutta var Selje mest aggresive og kom til nokre gode tilløp utover omgangen. Trond Hamre hadde m.a. eit godt skot etter 15min som gjekk like over tverrliggaren. Den største Seljesjansen i 1.omgang hadde Ole Andreas Solheim etter 35min, som ikkje fekk skikkeleg treff frå 7-8 meter og ballen gjekk utanfor. Førde festa etter kvart meir grep om kampen utover omgangen, sjølv om den var forholdsvis jamnspelt utan så mange sjansar til nokon av laga.

Førde scora kampens einaste mål etter 5min i 2.omgang. I klynga framfor mål var Tor-Jørgen Spurkeland sist på ballen og 0-1. Førde hadde no festa eit godt grep om kampen, og Selje hadde i ein periode nok med å forsvare seg. Etter 64min hadde Førde eit knallhardt skot ved Tenden frå 16meteren, som Tom-Øyvind Solheim måtte ut i full strekk for å slå til corner. Eit minutt seinare skyt Førde i stanga. Ballen går ut i feltet, og det påfølgjande skotet vert blokkert og går til corner.  Etter 74 min er Kim Tangedal igjennom, og skyt frå 7-8 meter rett utanfor stanga.

Selje greier å flytte seg høgare opp i bana siste kvarteret og kjem langt meir med i spelet. Endre Kupen er på eit raid og publikum vil ha straffe på innlegget som dei meiner treff ein Førdespelar i handa. Eit minutt seinare, i det 76min, fint framspel av høgreback Joachim Refvik til Werner Kupen som forserer ned langs kanten og legg hardt inn. Førdekeeperen fangar ballen rett framfor Seljeangripar. I det 85 min vartar Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim opp med ei ny kjemperedning, etter Førdeskot frå 6-7meter.

Eit entusiastisk heimepublikum heiar Selje framover siste kvarteret i håp om eit poeng. Så lenge det berre står 0-1, er det eit håp. Men fleire scoringar blir det ikkje og Førde tek ein ny siger. 

Trenar Idar Taklo var svært godt nøgd med gjennomføringa av kampen: "Med litt tur kunne vi faktisk fått med oss eit poeng. Eg er glad for den høge aggresiviteten og innsatsen som gutane viste i dag. Vi baud Førde skikkeleg kamp, og med den gutsen som vi viser i dag lovar det godt for kampane framover".

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Kristoffer Hove, Andre Kupen, Frode Nøstdal, Jon Aage Riksfjord (Joachim Refvik etter 40min), Ole Andreas Solheim, Runar T. Aarsheim, Kennet Honningsvåg, Endre Kupen, Trond Hamre, Werner Kupen.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Kennet Honningsvåg

Tilskodartal: 121 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.