13.09: Florø-Selje 2-1

Postet av Selje IL - Fotball den 13. Sep 2008

Selje tapte 2-1 mot Florø fredag kveld etter 0-0 ved pause. Kampen var jamn og Selje kunne like godt stukke av med sigeren.....

Selje gjekk på eit nytt eittmålstap i Firdaligaen då Florø vann 2-1. Dette var ein kamp der Selje både kunne ha fått med seg eitt poeng eller alle tre, men det var Florø som fekk vinnarmålet.

Det fyrste kvarteret i fyrste omgang var jamnt, med eit par halvsjansar til begge laga. Etter 15 min spelar Werner Kupen gjennom Trond Hamre, som går åleine mot keeper og avsluttar frå 9-10 meter rett på keeper. Ny kjempesjanse til Selje etter 18min, då Trond Hamre igjen går åleine mot keeper og skyt like til side for stolpen frå 8-9 meter. Kampens største sjanse hittil.

Eitt minutt seinare får Florø frispark frå ca. 25meter. Frisparket smell i tverrliggaren og ut att i feltet, nesten scoring til Florø. I det 21 min sler Kennet Honningsvåg eit frispark frå midtbana som sneiar hovudet til Andre Kupen inne i feltet og rett utanfor stanga. Tett med målsjansar i denne fasen av kampen... Farleg Florøskot rett over krysset etter corner berre eitt minutt seinare.  

I det 24min kjem Trond Hamre seg ned på høgresida, og får lagt inn til Endre Kupen. Skotet hans vert blokkert i feltet. I det 34 min kjem ein Florøspelar seg heilt ned til dødlinja og  legg ut i feltet. Åleine framfor mål, går skotet i ein Seljespelar og ut i feltet igjen. To minutt seinare vert ein Florøspelar spelt gjennom Selje si forsvarsrekke. Frå 11-12 meter går skotet like til side for stolpen. Dermed pause på stillinga 0-0, utan at nokon av laga hadde makta å score på fleire feite målsjansar.

Selje fekk ei pangopning av 2.omgang. Berre etter eitt minutts spel vert Trond Hamre igjen spelt gjennom. Han går åleine mot keeper, skyt lavt og i mål og 0-1. Men gleda skulle bli kortvarig. To minutt seinare får Florø frispark frå 20 meter. Det knallharde frisparket må Seljekeeper Tom-Øyvind Solheim gje retur på, og Marius Moe kan frå kort hald enkelt sette inn utlikning til 1-1.  

Etter 53min spel får Selje to store sjansar. Fyrst eit langt framspel til Endre Kupen som tek ballen ned på sekstenmeteren, og skyt i ein Florøforsvarar og ut til corner. I klynga framfor mål etter corneren får Andre Kupen heada heilt inne på målstreken, men ballen går over tverrliggaren. Selje jagar scoring i denne perioden. I det 55min dreg Endre Kupen ballen med seg inni 16meteren. Han går over ende. Frå vår vinkel såg det ut som dytt i ryggen og straffe, men dommaren vinka spelet vidare.

Florø får ein stor målsjanse etter 59min. Ein Florøangripar vert spelt åleine gjennom og skyt frå 10 meter. Tom-Øyvind Solheim får stoppa skotet og ballen går over tverrliggaren til corner.

Trond Hamre får ein ny kjempesjanse i det 67min. På eit heldig gjennomspel kjem han åleine mot keeper og avsluttar frå 7-8 meter. Men treffet er dårleg og ballen går over Florømålet.

I staden for at Selje går opp til leiing, er det Florø som får utteljing. Eit godt Florøangrep på høgrekanten endar med innlegg til Torstein Grytten, som får tid og plass inne i feltet til å avslutte heilt oppe i hjørnet og 2-1 til Florø.  

Endre Kupen har eit bra skot frå 18 meter som går rett utanfor etter 72minutt. Nokre minutt seinare farleg Seljesjanse i klynga framfor mål etter corner. Florø skyt like over etter 78min etter corner. Den siste store Seljesjansen i kampen får Martin Nygård etter 89min. I klynga framfor mål etter corner får han skyte frå 5-6meter, men skotet vert blokkert. Selje pøsar på med folk framover, og det gjev rom i motsett ende av bana. Florø får den siste store sjansen på eit skot etter 90min. Scoring blir det ikkje, men Florø kan likevel jubel for tre poeng.

I dag kunne Selje like gjerne vunne kampen, og kan med god grunn vere skuffa over resultatet. Spelet og sjansane var likeleg fordelt. Men dessverre for Selje blir det heller ikkje poeng i dag, i ein kamp der ein er fullt på høgde med motstandaren.  

Men klar bortesiger til Seljesupporterane! 30-40 personar hadde teke turen til Florø for å støtte Selje, og dei "vann" tribuna med glans. Applaus for vårt fantastiske publikum! 

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Joachim Refvik (Martin Nygård etter 79min), Andre Kupen, Kristoffer Hove, Frode Nøstdal, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Runar T. Aarsheim, Werner Kupen, Endre Kupen, Trond Hamre.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.