17.04: 1.heimekamp 4.div: Selje-Lærdal søndag kl.14.00

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Apr 2010

Selje ynskjer velkommen til årets fyrste heimekamp, søndag kl.14.00 mot Lærdal. Selje serieopna med 3-3 på bortebane forrige helg, medan Lærdal har sin fyrste kamp. Det ligg til rette for ein open kamp på Selje Idrettspark....... 

Selje mista sigeren på overtid mot Askvoll/Holmedal forrige helg, og reiste heim med eit poeng. Selje sin tropp er framleis noko usikker, men nokre spelarar frå sist helg kan ikkje bli med.......Martin Hove og Runar T. Aarsheim kjem inn....

Det som skapar størst vanskar for trenar Idar Taklo er at keeper Tom-Øyvind Solheim må sone etter to gule og utvisning forrige helg. Dette er "uvant kost" for Seljes solide sisteskanse, som har spelt nesten samtlege kampar for Selje i fleire sesongar. Kven som blir keeper på søndag gjenstår å sjå....... 

Vi ynskjer Lærdal og publikum vel møtt til årets fyrste heimekamp! Heia Selje!

     


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.