18.04: Selje-Lærdal 2-4

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Apr 2010

Selje tapte 2-4 mot Lærdal i dag, etter 0-1 ved pause. Som sist helg vart det spenning heilt til siste slutt.....Selje heldt på å utlikne på overtid....les meir under. Referat og bilder, sjå også www.haugenfotball.no......

Dagens Seljespelar, Severin Rokne i duell med Lærdal sin kaptein. Foto:©Stig Høynes, www.haugenfotball.no

Snø i Selje i natt og utover dagen.... men etter snørydding var banedekket strøkent til kampstart. Selje mangla Gaute Otnes, Kristoffer Hove og Tom-Øyvind Solheim frå forrige kamp - medan Runar T. Aarsheim og Martin Hove var klare igjen.

Selje hadde jobba med fleire alternativ denne veka, for å erstatte suspenderte Tom-Øyvind Solheim. Då dette ikkje lukkast vart det utespelar Joachim Refvik som stilte som keeper i dagens kamp. All ære til Joachim for god innsats mellom stengene. 

Lærdal hadde eit lite overtak den fyrste halvtimen, men Selje var farleg frampå på to gjennomløp frå midtbana og kom åleine med keeper: Severin Rokne fekk ballen litt for langt framfor seg så keeper snappa etter 22min. Runar T. Aarsheim avslutta med skot på keeper og ut til corner fire minutt seinare. Lærdal hadde også eit par store sjansar i denne perioden og var nær scoring. Etter 40min scora Lærdal ved Simen Skjerping Øren, og gjekk til pause med 1-0 leiing.

Selje hadde to sjansar etter ca. 50minutt ved Runar T. Aarsheim. Men det vart Lærdal som i staden auka leiinga med to kjappe scoringar. Etter 55min ved Brede Tokvam, og 58min ved Ingebrigt Bøe. Selje reduserte til 1-3 etter 62min. Severin Rokne kom laus på 13-14 meter og skaut i mål. Selje hadde no ein god periode. Severin sende avgarde ei kanon frå ca.20meter som gjekk rett på keeper og ut til corner.

Det såg ut til at Lærdal skulle ro i land sigeren. Men på slutten av kampen vart det igjen spennande. Severin reduserte til 2-3 med eit skot frå 16-meteren som small i undersida av tverrliggaren og i mål etter 88min. To minutt seinare kunne Selje utlikna, men skotet frå Aleksander Kvernevik frå 4-5meter strauk oversida av tverrliggaren. I staden vart det Lærdal som gjekk opp til    2-4 to minutt på overtid ved Øystein Lindesteg Rinde.

Lærdal vann alt i alt ein fortent siger i dag, men med litt tur kunne Selje fått med seg eit poeng på slutten.

Trenar Idar Taklo var ikkje fornøgd med kampen. "Vi var for lite aggresive i ballførar og på bana generelt, og slapp dei altfor lett til i eiga sone. Positivt med den fantastiske debuten som Severin Rokne hadde på heimebane. Eg er skuffa, men det er berre å legge tapet bak seg og sjå framover", seier Taklo.

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne

Publikumstal: 114

Seljes lag: Joachim Refvik, Kristoffer Nøstdal, Martin Hove, Espen Nøstdal, Phillip Hamman (Idar Taklo frå 90min), Kennet Honningsvåg (Rikard Rekdal frå 55min), Severin Rokne, Joachim L. Træet (Alexander Hove frå 45min), Runar T. Aarsheim, Aleksander Kvernevik


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.