08.08: Selje-Kaupanger 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 8. Aug 2010

Så var det "kick-off" for haustsesongen.....Selje spelte ein bra kamp laurdag, men som ofte før denne sesongen vil det seg ikkje. Selje gjekk på eit knepent 1-2 tap i strålande sommarver på heimebane.........
Det var jamnt dei fyrste minuttane utan at noko skjedde framfor måla. Kaupanger scora på sin fyrste sjanse etter 9 min spel. Kaupanger hadde eit lite overtak utover omgangen, utan dei store sjansane til nokon av laga. I det 30 minutt var det nesten reprise av Kaupangerscoringa, men denne gongen gjekk skotet frå skrått hald i treverket og ut. I det 34min utlikna Selje til 1-1 ved Viktor H. Front med eit skot frå 10-11meter, etter assist frå Gaute Otnes.

I 2.omgang var det Selje som i periodar hadde overtaket og skapte dei fleste sjansane. Joachim Refvik sende avgarde eit godt frispark som gjekk i muren og ut til corner etter 74min. Men det vart Kaupanger som scora på frispark frå ca 25meter etter 85min. Medan Selje enno stilte opp mur, vart ballen løfta over muren og i hjørnet. Selje var veldig nær utlikning i sluttminutta. Gaute Otnes vart spelt igjennom av Runar Aarsheim i det 87min, men skotet gjekk på keeper. Selje hadde eit par farlege sjansar til, men som så ofte før denne sesongen så vil det seg ikkje framfor mål. Dermed eit nytt knepent tap på heimebane. 

Seljetrenar Idar Taklo synest laget hadde fortent poeng i dag. "Det er synd det vart eit nytt tap, marginane er imot oss også i dag. Men eg er veldig fornøgd med jobben som spelarane legg ned i dag. Vi spelte ein god kamp, og vi må fortsette å ha det kjekt ute på bana og ta kamp for kamp utover så vil det forhåpentlegvis snart resultere i poeng også," seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen, Martin Hove, Espen Nøstdal, Kristoffer Hove, Joachim Refvik, Severin Rokne, Kristoffer Nøstdal, Alexander Hove (Aleksander Kvernevik frå 64min), Gaute Otnes, Viktor H. Front (Runar T. Aarsheim frå 80min)

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Severin Rokne


 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.