12.09: Årdal 2-Selje 6-1

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2010

Det vart eit av sesongens største tap då Årdal 2 vann 6-1 mot Selje. Stillinga ved pause var 3-0 til heimelaget. Men tapet var i største laget.....

Etter flott 3-0 seier mot Eikefjord forrige helg, var det håp om ny poengfangst i Årdal. Men slik gjekk det ikkje då Selje møtte Årdal sine nest beste. Einaste Seljeseier i vårsesongen, kom nettopp mot Årdal 2. Men på heimebane har Årdal 2 gjort sine saker bra og har fleire seiarar.

Selje hadde fyrste store sjansen i kampen då Joachim Refvik var åleine gjennom etter 1 minutt, men skotet gjekk på keeper. Selje hadde også nokre andre gode sjansar men fekk ikkje mål før kvilen. Det gjorde derimot Årdal 2 som kunne gå til pause med 3-0 leiing.

Trenar Idar Taklo meinte at tapet var i største laget etter spel og sjansar, men at Årdal 2 vann fortent. "Vi hadde nokre store sjansar til å score men vi sleit igjen med utteljinga. Vi sleit også med å få til spelet på ei våt og glatt grasmatte. Vi bestemte oss i pausen for å gå hardt ut og få redusering for å få spenning i kampen igjen. Det lukkast vi med og vi reduserte til 1-3 etter 54min spel. Espen Nøstdal slo eit hardt frispark mot mål som gjekk inn via ein forsvarar. 

Etter ein god Seljeperiode med mykje bra spel, vart det Årdal 2 som auka til 4-1. Då gjekk "lufta litt ut av ballongen" og når så både Martin Hove og Andreas Teigen måtte ut, hadde vi lite å stille opp med. I dag laga vi to sjølvmål og sette ikkje eigne sjansar. Så det vart til slutt ein klar Årdal-seier", seier Taklo.

Seljes lag: Tom-Øyvind Solheim, Andreas Teigen (Alexander Hove frå 80min), Martin Hove (Anders Rekdal frå 76min), Espen Nøstdal, Alexander Corneliussen, Kristoffer Hove, Severin Rokne, Rikard Rekdal, Aleksander Kvernevik, Joachim Refvik, Alexander Bickel.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.