20.05: Hornindal-Selje 3-2

Postet av Selje IL - Fotball den 21. Mai 2011

Selje tapte 3-2 mot Hornindal fredag kveld. Stillinga ved pause var 3-1 til heimelaget. Hornindal var klart best i 1.omgang, medan Selje kom mykje betre med etter pause..... 

Selje fekk ein dårleg start på kampen. Berre etter vel 1minutt fekk Morten Taraldset kjempetreff frå 25meter og dermed 1-0 til heimelaget. Etter 10min vart det 2-0 ved Even Lødemel. Hornindal styrte det meste utover omgangen. Selje var for passive, kom lite med i spelet og hadde nok med å forsvare seg. Heimelaget gjekk opp til 3-0 ved Steinar Gram då halvtimen var spelt, og det begynte å sjå stygt ut for Selje.

Men etter 35min fekk Selje frispark nesten på midtstreken. Rikard Rekdal slo langt mot mål, og der fekk Joachim Refvik stussa ballen vidare med hovudet og i mål. Dermed gjekk laga til pause med 3-1 leiing til Hornindal.   

Det var eit langt friskare Seljelag som kom på bana etter pause. Spelarane jobba hardare, kom betre inni duellane og fekk etter kvart til bra spel. Dermed tende Gaute Otnes eit håp då han reduserte til 3-2 etter 55min. Øystein Austring spelte Gaute gjennom, og åleine mot keeper scora han sikkert.

Andre omgang var jamnspelt. Selje hadde nokre bra sjansar, og Hornindal hadde to store som strauk utsida av stolpen. Men fleire mål vart det ikkje i kampen, og Hornindal tok dermed sin fyrste seier for sesongen.  

Seljes lag: Roy Lasse Torheim, Håvard Borgund (Øystein Austring frå 45min), Espen Nøstdal, Rikard Rekdal, Vegard Elde, Martin Hove, Joachim Refvik, Silviu Iacob (Alexander Hove frå 74min), Joachim L. Træet, Martin Grøttå (Tor-Are Årvik frå 87min), Gaute Otnes.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.