26.08: UTVIDA FRIST TINE-FOTBALLSKULE 31.08 og 01.09

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Aug 2012

Påmeldingsfristen for årets Tine-fotballskule går ut i dag. Etter oppteljing av påmelde deltakarar, ser vi at det framleis er ledige plassar. Vi utvidar difor fristen til tysdag 28.august. Har du ikkje meldt deg på endå og vil delta, "hiv deg rundt".......Påmelding til Per Jarle Hoddevik: perjarle.hoddevik@gmail.com eller tlf/sms. 90 76 29 28.  Info. om fotballskulen, les under! TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald.

Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 8.gong. Dei siste åra har arrangementet samla ca. 120-130 deltakarar. Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE

fredag 31.august kl. 17.30-20.30

lørdag 1.september kl. 12.00-16.00

Alder: Gutar og jenter frå 7 år (2.klasse, f.2005) til og med 15 år (10.klasse, f.1997)

Pris: kr. 300,- pr. spelar som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (bag, t-skjorte, diplom) + 1 stk. fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule.

Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding:

Påmeldingsfrist innan søndag 26.august! Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

Påmelding til:     perjarle.hoddevik@gmail.com

eller tlf./sms til: tlf. 90 76 29 28

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

…………………………………………………………………………………………

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2012

Påmeldingsfrist: TYSDAG 28.august!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.