28.09: Selje-Florø2, 1-2

Postet av Selje IL - Fotball den 28. Sep 2012

I "Månadens FairPlay-kamp" Selje-Florø 2 fredag kveld, var det Florø 2 som gjekk av med sigeren. Selje tok leiinga 1-0, men bortelaget kvitterte med to raske scoringar og fekk dermed alle tre poenga. Kampen kunne bikka begge vegar. Florø 2 hadde ballen mest og førte banespelet, men Selje hadde minst like mange klare målsjansar. Meir om kampen, sjå under....... 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seljetrenar Idar Taklo sa dette etter kampen: "Vi gjennomførte ein god kamp. Eg er stolt av gutane og den jobben dei gjer. Ramma rundt "Månadens FairPlay-kamp" var den aller beste, og kampen vart ei fin oppleving trass tap. Det var fin stemning både på og utanfor bana, og samling både før og etter kampen".

Selje sin kaptein Martin Hove gratulerer Florø2 som avdelingsvinnarar i 5.div.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

"Ut frå sjansane og jobben som vi la ned, hadde vi fortent poeng i dag. Vi hang godt med, sjølv om Florø2 hadde ballen mest. Vi prøvde å spele fotball langs bakken, og spelte til tider bra. Vi kunne gjerne leia til pause med store sjansar, som bl.a. stolpeskotet til Joachim og ei annulert scoring. Silviu scora eit fint mål og vi tok leiinga. Dessverre kom scoringa i mot litt for kjapt, hadde vi klart å stå i mot litt til kunne det gått veien. Florø2 stilte med eit ungt lag, og det same gjaldt oss som brukte fem guttespelarar i løpet av kampen. Deriblant Ole Johnny som stod ein god kamp i mål".

"Vi er godt fornøgde med sesongen 2012. Med 4.plass og 29 poeng har vi nådd målsetjinga som vi sette oss då vi starta opp i januar", seier ein nøgd Seljetrenar etter siste seriekampen for i år. 

"Dagens Selje-maskotar"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1-0    Silviu Iacob (flott heading via tverrliggar)

1-1    Florø

1-2    Florø

Seljes lag: Ole Johnny Hoddevik, Vegard Elde, Martin Hove, Espen Nøstdal, Runar T. Aarsheim, Joachim Refvik, Saron Osmundsvåg, Silviu Iacob (Aleksander Kvernevik), Are Berstad (Jonas Beitveit), Frode Nøstdal (Johannes Osmundsvåg), Alexander Hove (Martin Grøttå).

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Joachim Refvik

Dommar: Muhammet Barlla

Ass.dommarar: Ronny Stian Hopland og Stein-Otto Førde


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.