18.04: Grøn bane/kunstgraset snart ferdig utlagt.....

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Apr 2013

Full rulle på bana også i dag med masse dugnadsfolk i sving, under kyndig leiing av ansvarleg for monteringa frå leverandøren Sport Surface. I kveld er heile paden ferdig utlagt og bana er dekka av kunstgras bortsett frå kantane. I morgon håpar ein på opphaldsver så liming og montering vidare kan gå som planlagt. Dette blir flott!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.