05.05: Selje-Bremanger 2-0

Postet av Selje IL - Fotball den 5. Mai 2013

Selje vann 2-0 mot Bremanger, etter scoringar av Joachim Refvik og Are Berstad i 1.omgang. Selje dominerte før pause, medan Bremanger var best i 2.omgang. Kjekt med heimekamp, og i kiosken vart det selt fotballmuffins, sjå under.....  

1-0    18min     Joachim Refvik

2-0    44min    Are Berstad

Seljetrenar Idar Taklo var nøgd med tre poeng og 1.omgang. "Fyrste omgangen er vi veldig godt fornøgde med, sjølv om det var litt unøyaktigheit i pasningane. Andre omgang er vi ikkje fornøgde med. Bremanger spelte oss lave og vi skapte lite. Vi merkar at vi ikkje er samkøyrde enno, men vi rodde heldigvis iland sigeren og heldt nullen bakover".

Seljes lag:  Erling Åbø, Andreas Teigen, Espen Nøstdal, Martin Hove, Saron Osmundsvåg, Ole Andreas Solheim, Kennet Honningsvåg, Are Berstad, Martin Grøttå (Johannes Osmundsvåg frå 77min), Kenneth Pedersen (Aleksander Kvernevik frå 85min), Joachim Refvik.

Dommar: Rune Haugland, Haugen IL

Dagens Seljespelar (kåra av jury): Ole Andreas Solheim

 

Nytt i kiosken 2013:

 

 

 

 

 

 

 

Nybaka og velsmakande fotballmuffins vart selt i kiosken (som Anne-Britt har laga) 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.