Kåringar A-lag og damelag 2022

Postet av Atle Steinar Solheim den 13. Des 2022

Kåringar for A-lag og damelag 2022:

Selje IL arrangerte årsfest på klubbhuset sist helg for seniorlaga: Selje 5.div. og Åheim/Selje 4.div kvinner. Ein flott kveld med program, taler, kåringar og heider til både spelarar og eldsjeler. Selje sitt A-lag gjennomførte ein god sesong med 30poeng og 5.plass i 5.divisjon. Åheim/Selje 4.div kvinner hadde også ein flott sesong, vann suverent si avdeling og tapte knepent i KM-finalane mot Brattvåg/Norborg.


4.div. kvinner Åheim/Selje: 

- Årets FairPlay spelar: Emma Wold Haugland (nr.1 frå venstre)

- Årets treningstopp: Guro Lesto Larsen (nr.2 frå venstre)

- Årets unge spelar: Celine Rundereim Taklo (nr.3 frå venstre)

- Årets toppscorar: Guro Lesto Larsen (nr.2 frå venstre)

- Årets spelar: Sofie Refvik Hove (nr.4 frå venstre)


5.div. menn Selje: 

Årets FairPlay spelar: Mikal Osmundsvåg

- Årets treningstopp: Mohammad Ali

- Årets toppscorar: Joachim Refvik

- Årets unge spelar: Mohammad Ali

- Årets spelar: Joachim Refvik.

100 obl. kampar: Jan Kristian Apelseth

                                              Årets spelar og årets toppscorar: Joachim Refvik


                                                Årets FairPlay spelar: Mikal Osmundsvåg


                                        Årets unge spelar og årets treningstopp: Mohammad Ali


                                              100 obl. kampar: Jan Kristian Apelseth



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.