Invitasjon til Selje Tine-Fotballskule 3.-4.september

Postet av Selje IL - Fotball den 24. Aug 2015

TINE-fotballskule vert i år arrangert rundt om i Norge med ca. 70.000 barn og unge som deltek. TINE-fotballskule har fokus på fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, trivsel, meistring og sunt kosthald. Selje IL, Fotball arrangerer i år fotballskule for 11.år på rad.

Vi har igjen gleda av å invitere til:

SELJE TINE-FOTBALLSKULE



fredag 4.september kl. 17.30-20.30

lørdag 5.september kl. 12.00-16.00


Alder: Gutar og jenter frå 6 år (1.klasse, f.2009) til og med 15 år (10.klasse, f.2000)

Pris: kr. 350,- pr. deltakar (søskenmoderasjon pr. stk. 300,- for nr.2 eller fleire)

som inkluderer alt dette: flotte Tine-premiar (ryggsekk, t-skjorte, diplom) + 1 stk. Umbro-fotball + mat begge dagar.

Innhald: Spelarane vert inndelte etter alder i gute- og jentegrupper. Ulike aktivitetar og morsomme og lærerike øvingar med ball. Eigen keeperskule. Dette blir gøy! Foreldre og andre er velkomne til stadion og kose seg i lag med barna! Åpen kiosk begge dagar!

Påmelding: Påmeldingsfrist seinast innan mandag 31.august!

Bindande påmelding, ”først til mølla….” Hugs å skrive namn, fødselsår og mobiltlf. på påmeldinga. Skriv også om du ynskjer å vere på spelargruppe eller keepergruppe.

For meir info. og oppdateringar, sjå vår heimeside: www.seljefotball.no

Påmelding: ninarefvik@hotmail.com eller tlf./sms til: tlf. 47 86 18 92 …………………………………………………………………………………………………...

Påmeldingsskjema Selje Tine-fotballskule 2015

Påmeldingsfrist: mandag 31.august!

Namn



Fødselsår



Klubb



Spelar- eller keepergruppe



Mobiltlf.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.