4.div. kvinner Åheim/Selje

Postet av Atle Steinar Solheim den 21. Aug 2021

Selje/Åheim måtte i sommar trekke laget frå 3.div. 11-ar Sogn og Fjordane pga for lite spelarar til å gjennomføre haustsesongen. Løysinga vart då å søke om å få spele i 4.div. Sunnmøre Fotballkrets, der laget kan spele 9-ar. Det er 8 lag i avdelinga. Seriestart onsdag 25.08 Bergsøy-Åheim/Selje. Fyrste heimekamp vert torsdag 16.09 Åheim/Selje-Hornindal. 

Klikk på linken nedanfor for å sjå terminlista på Sunnmøre Fotballkrets si heimeside:

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=179286


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.