Kampoppsett Seljecup 2022, 10.-12.juni

Postet av Selje IL - Fotball den 31. Mai 2022

Velkommen til Seljecup 2022!

Det er ei stor glede å kunne ynskje velkommen til Seljecup for 26.gong. Etter at cupen måtte avlysast i 2020 og 2021 pga. korona, er det ekstra kjekt å kunne arrangere cup igjen. Det har vore svært god påmelding også i år. Vi har teke inn så mange lag som råd er, nokre lag har stått på vent og ikkje fått plass pga. fullt i høve overnatting og/eller kampavvikling. Det deltek 144 lag på årets cup. Vi ser fram til ei ny flott fotballhelg i Selje 10.-12.juni og ynskjer alle hjarteleg velkomne. 

Det har vore utfordrande å sy saman eit så godt kampoppsett som mogeleg. Det er svært mange omsyn å ta og eit tettpakka kampprogram. Ta snarast kontakt (helst pr. mail) om du ser feil/manglar, eller du har sterke ynskje om endringar!

Sjå kampoppsett Seljecup 2022, trykk på linken under:

10-14år: Kampoppsett for laurdag kl.8.30-20.00 og søndag kl.8.00-13.00.  Utlagt 01.06.

6-9år: Kampoppsett "Kongleriket" søndag frå ca.14.00. Utlagt 06.06.

https://www.profixio.com/app/seljecup-2022/categories


10-14år:  Kampoppsett er utlagt pr. 01.06, trykk på linken ovanfor.

G10, G11, G12, J10, J11, J12: Spelar laurdag og søndag. Lokale lag utan overnatting spelar berre laurdag.

G13 og J13:  Spelar serie på laurdag og søndag, avslutning med finale/bronsefinale/5.-6.pl. på søndag.

G14 og J14: Spelar serie på laurdag, avslutning laurdag kveld med finale/bronsefinale.


Kongleriket 6-9 år: Mail til påmelde lag utsendt 02.06. Kampoppsett blir lagt ut ca. ei veke før turneringa. 

Kongleriket-turnering søndag 12.juni. 75 lag er påmeldt. Kampane blir spelt på 14 baner frå kl.14.00-17.45.

G6, G7, J6, J7: Spelar 3ar, kunstgras skulen. 

G8, G9, J8, J9: Spelar 5ar, kunstgras stadion. 

mvh 

Seljecup 2022

Atle Solheim

mail: post@seljefotball.no  

(tlf. 992 47 687)