Innleiing/bakgrunn

Selje IL har hatt fokus på FairPlay i mange år. Frå 2011 auka klubben fokuset og bevisstgjeringa rundt FairPlay endå meir, og utarbeida bl.a. handlingsplan med tiltak. Vi er glade og stolte for at Selje IL kvart år har blitt nominert til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane. Klubben vann FairPlay-prisen både i 2012, 2013 og 2015.
Klubben har i mange samanhengar presentert sitt FairPlay-arbeid og har fått mykje merksemd på ulike nettsider, aviser, krets og forbund for sitt arbeid. Handlingsplanen for 2017 byggjer på føregåande planer, med nokre justeringar.



Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.



Fokus på FairPlay gjev klubben eit betre verdigrunnlag. Det gjev eit signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar om at klubben ynskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben.




Selje IL handlingsplan 2017



1. Generelt

Klubben skal ha eit generelt sterkt fokus på FairPlay på alle nivå. Klubben skal ha 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. FairPlay skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i klubben. Selje IL skal vere ein klubb som blir oppfatta positivt.



2. Fair Play haldningskontraktar:

a) Det skal inngåast FairPlay-kontraktar med spelarar på alle lag i seriespel, frå gutar/jenter 11 år og eldre.
b) Ved evt. brot på kontrakt, vert dette følgd opp av klubb i samråd med trenar/oppmann for laget.



3. Inkludering

a) Klubben skal legge til rette for at alle som ynskjer å spele fotball får tilbod og kan vere med: "Fotball for alle"

b) Det skal vere like vilkår for gutar og jenter.

c) Klubben skal arbeide aktivt for å få med flyktningar og andre innvandrarar.



4. Synleggjering/profilering av Fair Play

a) FairPlay logo på hjørneflagg (både 11-ar, 9-ar, 7-ar og 5-ar bane)



b) FairPlay oppslag/skilt på stadion. FairPlay-banner ved garderober



c) FairPlay flagg på stadion



d) FairPlay logo på drakter



e) Foreldrevettreglar oppslag på stadion



f) Sesonghefte skal innehalde info. om at Selje IL er FairPlay klubb, foreldrevettreglar m.m.



g) Kampprogram A-lag skal innehalde FairPlay logo og info.



h) Fair Play logo på klubbens nettside, og info. om FairPlay arbeid i klubben



i) Fokus på/info. om klubbens FairPlay-arbeid på lagleiarmøter, foreldremøter, årsfestar m.m.



j) FairPlay-logo tufta inn i tryggleikssonar på nytt kunstgrasdekke stadion.



k) FairPlay-tavler og five-a-side mål med tekst: "Vi spelar på lag med FairPlay".



l) FairPlay-vestar til klubbdommarar, spelarar aldersf.lag/minilag



m) FairPlay deltakarpremie til alle spelarar på aldersfastlagd-/minilag på årsfest


n) Nytt Selje IL FairPlay-banner vert laga til i 2016



5. Heimekampar/kamparrangement A-lag

a) Kampvertar med FairPlay-vest



b) FairPlay helsing



c) Lage god ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving.



d) Innmarsj med inngangshymne der kapteinane på laga ber FairPlay-banner mellom seg.



e) FairPlay-profilering på stadion og v/garderobe.



f) Kamp-program med aktuell informasjon.



g) Kamp-lotteri på ein av haustkampane til inntekt for vår vennskapsklubb i Vietnam/prosjekt "Barn hjelper barn".



h) Som ein gest til motstandarlaget vert innbytterksura merka med lagsnamnet.




6. Heimekampar/kamparrangement aldersfastlagde lag

a) Kampvert(ar) med FairPlay-vest



b) FairPlay-møte og FairPlay helsing



c) Lage hyggeleg ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving (servering av frukt m.m.)



e) FairPlay-profilering på stadion og v/garderobe



7. Bortekampar

a) Følgje klubbens trafikktryggingsplan



b) Lag/spelarar opptrer iht. klubbens FairPlay-kontrakter




8. FairPlay på Seljecup

a) Foreldrevettreglar



b) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg, banner osv. på stadion



c) FairPlay helsing



d) Info. om FairPlay til deltakande lag i invitasjon, programhefte, kampprogram m.m.



e) Kampvertar 




9. FairPlay på Selje Tine-Fotballskule



a) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion



b) Info. om klubbens FairPlay arbeid



10. MOT

a) Selje er ein MOT-kommune, Klubben skal vere i samsvar med MOT sitt verdigrunnlag.



b) Sal av MOT-vatn på Seljecup.



11. Kåring av FairPlay spelar

a) Årets FairPlay spelar på A-lag



b) Årets FairPlay spelar på kvart aldersfastlagd lag i seriespel



12. Klubbarrangement

a) FairPlay-klubbkveldar for aldersfastlagde lag



b) "Kick-off" aldersf.lag i samband med fyrste seriekamp A-lag.



13. Vennskapsklubb Vietnam

a) Selje IL inngjekk i 2014 avtale med vennskapsklubb i Vietnam (Dang Dung Secondary School Football Club) gjennom prosjektet "Barn hjelper barn". Samarbeidet vert vidareført i 2017.



b) Nyheitsbrev vert utveksla mellom klubbane.



c) Selje IL arrangerer inntektsbringande tiltak for vennskapsklubben/"Barn hjelper barn"



14. FairPlay-kaptein

Selje IL innførte i 2014 FairPlay-kaptein på alle lag i barnefotballen i samsvar med klubben sine utarbeida retningslinjer. Rolla som FairPlay-kaptein rullerast mellom spelarane.



15. FairPlay-skulen

Selje IL skal i samarbeid med Selje skule gjennomføre NFF`s opplegg "FairPlay-skulen" på utvalde klassesteg frå 5.-7.klasse. Ordninga vert vidareført 2016/2017 for nye klasser.

Powered by: Bloc