Hjertestartar-prosjekt

Postet av Selje IL - Fotball den 18. Sep 2023

Selje IL har tidlegare i år fått innvilga søknad om å bli med på fotballkretsen sitt «Hjertestartar-prosjekt» (i tillegg til 3 andre klubbar i Sogn og Fj).  Dette er eit viktig tiltak som alle før eller seinare kan få bruk for, og gje auka tryggleik på trening/kamp og fritid.

Vi har no motteke alt utstyret: hjertestarter, øvingsdokke, øvings-hjertestarter m.m. Utstyret har ein verdi på ca. 30.000 og er sponsa av Enivest.

Tanken er at trenar/kontaktperson og spelarar frå 11-12år - senior skal øve på hjerte-/lungeredning (HLR) og bruk av hjertestartar. Vi tek sikte på gjennomføring i løpet av dei neste vekene. Kurset vil så komme inn som fast tiltak i forkant av ny sesong

Thor Øivind og Annichen vil stå for praktisk gjennomføring av kurset på klubbhuset. Vi ser føre oss, så langt råd er, i samband med trening for laget. Treninga kan gjennomførast som vanleg, men 2-4 spelarar øver om gongen, slik at dei fleste har gjennomført kurset i løpet av treninga. Prosjektet startar opp i veke 38 og vil fortsette dei neste vekene til alle har gjennomført kurset.

Meir info. om prosjektet, trykk på linken under:

https://www.fotball.no/klubb-og-leder/sammen-redder-vi-liv-i-idretten/bli-med-a-redde-liv-pa-din-fotballbane/ 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.