Innleiing/bakgrunn

 

Selje IL har hatt fokus på FairPlay i mange år. Frå 2011 auka klubben fokuset og bevisstgjeringa rundt FairPlay endå meir, og utarbeida bl.a. handlingsplan med tiltak. Vi er glade og stolte for at Selje IL kvart år har blitt nominert til årets FairPlay-klubb i Sogn og Fjordane. Klubben vann FairPlay-prisen både i 2012, 2013, 2015 og 2020.
Klubben har i mange samanhengar presentert sitt FairPlay-arbeid og har fått mykje merksemd på ulike nettsider, aviser, krets og forbund for sitt arbeid. Handlingsplanen for 2022 byggjer på føregåande planer, med nokre justeringar.

I 2023/2024 har Fotballgruppa oppretta eit FairPlay-utval som skal styrke og koordinere arbeidet med FairPlay. Utvalet består av 5 personar: FairPlay-ansvarleg, representantar for senior menn, senior kvinner, aldersfastlagde lag gutar, aldersfastlagde lag jenter. Arbeidet følgjer vedteken stillingsinstruks for FairPlay-ansvarleg og FairPlay-utvalet.

Fair Play handlar om respekt for medspelarar, motspelarar, dommarar og andre aktørar på fotballbana. Det gjeld ikkje berre for spelarar, men alle som er involvert i fotballen, anten det er som trenar eller foreldre på sidelinja eller utanfor bana.

 Fokus på FairPlay gjev klubben eit betre verdigrunnlag. Det gjev eit signal til medlemmar, lokalsamfunn og samarbeidspartnarar om at klubben ynskjer å stå for positive og inkluderande verdiar. Dette er verdifullt i arbeidet med vidare utvikling av klubben. 


Selje IL FairPlay handlingsplan 2024

 1. Generelt 

Klubben skal ha eit generelt sterkt fokus på FairPlay på alle nivå. Klubben skal ha 0-toleranse for mobbing, rasisme og uønska åtferd. FairPlay skal vere eit berande prinsipp på alle nivå i klubben. Selje IL skal vere ein klubb som blir oppfatta positivt. 


2. Fair Play haldningskontraktar

 a) Det skal inngåast FairPlay-kontraktar med spelarar på alle lag i seriespel, frå gutar/jenter 11år og eldre. Trenar/leiar har ansvar for gjennomgåing av innhald og få underskrift frå spelar/føresett. Ved evt. brot på kontrakt vert dette følgt opp av klubben i samråd med leiarane for laget.

b) På lag i seriespel 8-10år vert "Magisk lagspelar" ved behov innført frå 2023. Rullering av ein "hemmeleg spelar" pr. trening/kamp. Belønning til laget ved 10 stjerner.


3. Inkludering/"Fotball for alle"

a) Klubben skal legge til rette for at alle som ynskjer å spele fotball får tilbod og kan vere med: "Fotball for alle"

b) Det skal vere like vilkår for gutar og jenter.

c) Klubben skal arbeide aktivt for å få med flyktningar og andre innvandrarar.

4. Synleggjering/profilering av Fair Play

a) FairPlay logo på hjørneflagg (både 11-ar, 9-ar, 7-ar og 5-ar bane)
b) FairPlay oppslag/skilt på stadion. FairPlay-banner ved garderober

c) FairPlay flagg på stadion

d) FairPlay logo på drakter

e) Foreldrevettreglar oppslag på stadion 

f) Sesonghefte/årbok skal innehalde info. om at Selje IL er FairPlay klubb, handlingsplan m.m. 

g) Kampprogram seniorlag skal innehalde FairPlay logo og info.  

h) Fair Play logo på klubbens nettside, og info. om FairPlay arbeidet i klubben 

i) Fokus på/info. om klubbens FairPlay-arbeid på lagleiarmøter, foreldremøter, årsfestar, trenarforum m.m. 

j) FairPlay-logo tufta inn i tryggleikssonar på nytt kunstgrasdekke stadion. 
k) Banner med FairPlay-klubben Selje. Five-a-side mål med tekst: "Selje IL spelar på lag med FairPlay". 3ar-bane med FairPlay-logo.

l) FairPlay-vestar til klubbdommarar og spelarar aldersf.lag/minilag

m) FairPlay deltakarpremie til alle spelarar på aldersfastlagd-/minilag på årsfest  

n) Selje IL FairPlay-banner til arrangement

o) Kapteinsbind: regnboge-kapteinsbind på lag i seriespel frå 9år. FairPlay-kapteinsbind på lag 6-8år.

p) Nytt skilt på brakka/stadion med FairPlay-logo og tekst "Selje IL spelar på lag med FairPlay".


5. Heimekampar/kamparrangement senior: menn og kvinner 

a) Kampvertar med FairPlay-vest
b) FairPlay helsing

c) Lage god ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving. Servering av frukt, drikke m.m.

d) Innmarsj med inngangshymne der kapteinane på laga leier maskot. FairPlay-banner på midtbana under innmarsj.

e) FairPlay-profilering på stadion og v/garderobe.

f) Kampprogram med aktuell informasjon.

h) Som ein gest til motstandarlaget vert innbytterksura merka med lagsnamnet.

6. Heimekampar/kamparrangement aldersfastlagde lag

a) Kampvert(ar) med FairPlay-vest
b) FairPlay helsing

c) Lage hyggeleg ramme rundt kampane slik at gjestande lag, dommarar og andre kjenner seg velkomne og får ei god oppleving. Servering av frukt, drikke m.m.

e) FairPlay-profilering på stadion 

7. Bortekampar

a) Følgje klubbens trafikktryggingsplan 
b) Lag/spelarar opptrer iht. klubbens FairPlay-kontrakter

8. FairPlay på Seljecup

a) Foreldrevettreglar 
b) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg, banner osv. på stadion

c) FairPlay helsing

d) Info. om FairPlay til deltakande lag i invitasjon, programhefte, kampprogram m.m. 

e) Kampvertar med FairPlay-vest

f) Kåring av FairPlay-lag og/eller hending i løpet av Seljecup.


9. FairPlay på Selje Tine-Fotballskule

a) Synleggjering/profilering av FairPlay ved skilt/oppslag, flagg osv. på stadion

b) Info. om klubbens FairPlay-arbeid 

10. Kåring av FairPlay-spelar

a) Årets FairPlay-spelar på seniorlag
b) Årets FairPlay-spelar aldersfastlagd lag i seriespel frå 11år

11. Klubbarrangement

a) FairPlay-klubbkveldar for aldersfastlagde lag
b) "Kick-off" aldersf.lag i samband med ein av vårkampane for senior. 

12. FairPlay-kaptein

FairPlay-kaptein på alle lag i barnefotballen i samsvar med klubben sine utarbeida retningslinjer. Rolla som FairPlay-kaptein rullerast mellom spelarane.

13. Dommar

 Som ein del av FairPlay-arbeidet vert det frå 2021 innført obligatorisk klubbdommarkurs for alle spelarar over 13år.

14. Andre FairPlay-tiltak

a) Obligatorisk gjennomføring av NFF sitt digitale FairPlay-kurs, gjeld for alle spelarar (frå 13år) og trenar/leiar.

b) "Varsling om uønskede hendelser": https://portal.mittvarsel.no/skjema/varslingsportal-for-norges-fotballforbund/vdTr6sRZY9p7Plun.715


for Selje IL, fotball

FairPlay-utvalet:

FairPlay-ansvarleg klubb: Atle Solheim

FairPlay-kontakt senior menn: Martin Hove

FairPlay-kontakt senior kvinner: Emma Wold Haugland

FairPlay-kontakt aldersfastlagde lag jenter: Atle Riksfjord

FairPlay-kontakt aldersfastlagde lag gutar: Therese Lien Smenes/Jan Vidar Smenes