Strålande Seljecup

Postet av Selje IL - Fotball den 26. Jun 2016

Det er vanskeleg å samanlikne med tidlegare år, men vi kan ikkje forstå anna enn at Seljecup 2016 må vere "Tidenes Seljecup". Stor deltaking av lag, perfekt gjennomført cuparrangement og nydeleg sommarver både laurdag og søndag gav ei flott oppleving for både deltakarar og andre besøkande.

Vi takkar for alle hyggelege tilbakemeldingar frå deltakande lag!

Vi rettar også ei stor takk til alle våre frivillege for ein fantastisk dugnadsinnsats!

Vel blåst og velkommen tilbake neste år!


Under finn du linkar artiklar som Fjordenes Tidende har skrive om Seljecup 2016:

Treng eit lag av frivillige for å arrangere

– Vi er det gladaste laget på heile cupen

Deltakarane har ei strålande helg i vente

Tar i mot over 1.000 spelarar

Under finn du linkar til saker som haugenfotball.no har hatt om Seljecup 2016:


Jonathan Åmot Olsen under ei av oppvisningane under Seljecup.
Sjå film av ei av Jonathan Åmot Olsen sine trikseoppvisningar.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni
Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.

En av verdens beste fotballtriksarar var på plass under årets Seljecup. Jonathan Åmot Olsen hadde imponerande trikseoppvisningar for både store og små under turneringa. Etter oppvisningane var det mulig å få autografen, og bli tatt bilde av i lag med 20-åringen frå Melhus i Sør Trøndelag.

Film av ei av Åmot Olsen sine oppvisningar på Seljecup er no lagt ut på Vimeo.

Sjå film av ei av Jonathan Åmot Olsen sine trikseoppvisningar under årets Seljecup.

Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni
Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.


13.06 Eid vann vandrepokalen til odel og eige


Turneringsgeneral Atle Solheim i lag med Eid sitt vinnarlag i klasse J14.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni


I 2002 sette Seljecup opp vandrepokal i klasse J14.

Før årets turnering hadde heile 11 klubbar napp i denne pokalen. Skavøypoll, Selje og Eid hadde alle to napp, og ville med seier i årets turnering vinne pokalen til odel og eige.

Eid starta turneringa med tap 3-2 mot Sykkylven og uavgjort 0-0 mot Aksla i dei innleiande kampane laurdag. I sluttspelkampane søndag var det liten tvil om kven som var det beste laget i denne klassa. Etter 8-1 seier mot mot Selje i kvartfinalen blei det seier 4-0 mot Blindheim i semifinalen. I finalen vann Eid til slutt 3-1 mot Sykkylven.

Eid tok dermed sitt tredje napp i vandrepokalen, og pokalen får fast plass i klubbhuset på Eid Stadion framover.

Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni

Tidligare vinnar av klasse J14 i Seljecup:
2002: Selje
2003: Stranda
2004: Hødd
2005: Guard
2006: Skavøypoll
2007: IL Ravn
2008: Selje
2009: Skavøypoll
2010: Stadlandet
2011: Langevåg
2012: Hessa
2013: Eid
2014: Åheim
2015: Eid


Danielle Starheimsæter og Elijanne Skrede Anderson med pokalen.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni



13.06 Bilder frå showkampen under Seljecup 2016


Ordførar i Selje Stein Robert Osdal under gårsdagens showkamp.
Sjå bilder frå denne showkampen.

I forbindelse med året Seljecup blei det spelt ein showkamp mellom Selje kommune og dei forskjellige etatane i kommuna.

Sjå bilder frå denne showkampen.




13.06 Bilder og resultat frå Seljecup 2016


Skavøypoll gjekk heilt til topps i klasse G14 under årets Seljecup.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni


Seljecup 2016 har denne helga gått av stabelen på Selje Idrettspark.

I strålande sol har det gått slag i slag sidan fredag ettermiddag til søndag kveld.

Sjå bilder frå Seljecup 2016 søndag 12. juni.
Sjå bilder frå Seljecup 2016 fredag 10. juni


Vinnarar i dei klassene det blei kåra vinnarar:

Jenter 13 år:

1. Aksla
2. Stordal
3. Blindheim
4. Blindheim Kvit

Jenter 14 år:

1. Eid
2. Sykkylven
3. Blindheim
4. Tornado Måløy

Resultat J15/16:
1. Selje
2. Eid
3. Tornado Måløy
4. Florø
5. Hovdebygda/Mork

Gutar 13 år:

1. Skavøypoll
2. Tornado Måløy
3. Selje
4. Førde Vieåsen

Gutar 14 år:

1. Skavøypoll rød
2. Blindheim Rosa
3. Blindheim Svart
4. Blindheim Kvit

Resultat G15/16:
1. VanKam
2. Jølster 1
3. Jølster 2
4. Selje Kvit
5. Selje Blå


Turneringsgeneral Atle Solheim delar ut pokal til Eid i klasse J14.


Blindheim tok med seg seks pokalar heim etter årets Seljecup.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline