TEST!

Postet av Selje IL - Fotball den 17. Des 2015


Påmelding til Seljecup 2016 er no opna.


Vi opplever ofte at cupen blir fullbooka. Ver difor tidleg ute med påmeldinga, ”fyrst til mølla”gjeld.


Påmelding skjer via vår samarbeidspartner Profixio - Meld deg på her i dag. Merk også våre fristar i informasjonen under.


25.april: Siste påmeldingsfrist

Påmelding kan skje elektronisk via cupassist, på vår heimeside: www.seljecup.no
Laga vert registrert etter tidspunktet for innbetalt påmeldingsavgift.


10. mai: Betaling deltakaravgift

Frist for betaling av individuell deltakaravgift (A- eller C-kort) er 10.mai. Dersom det blir innbetalt for lite eller for mykje
på førehand i høve antal spelarar, kan dette rettast opp ved innsjekking på cupen.

Påmeldingsavgift (kr.600,- pr. lag) vert ikkje refundert dersom eit lag trekkjer seg etter 10.mai.

Kampoppsett vert sendt ut innan 1. juni. Lag som evt. trekkjer seg etter dette, kan ikkje gjere rekning med å få refundert innbetalt individuell deltakaravgift (A- eller C-kort).


1. juni: Kampoppsett

Kampoppsett vert sendt ut innan 1. juni. Lag som evt. trekkjer seg etter dette, kan ikkje gjere rekning med å få refundert innbetalt individuell deltakaravgift (A- eller C-kort).


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline