Rekorddeltaking, men dårleg vær på Tine Fotballskule

Postet av Selje IL - Fotball den 12. Sep 2015



(Foto: Stig Høines)
Selje IL arrangerte den 11.utgåva av Tine-Fotballskule med heile 103 deltakarar. Fredag kveld gjekk arrangementet som planlagt, trass i ein del nedbør. Men laurdag opna "himmelens sluser seg" for alvor, og ein måtte avslutte fotballskulen knapt halvveis. Spelarane fekk då lunch og premie i klubbhuset. Selje IL satsar på å ta igjen siste del av fotballskulen seinare. På laurdag hadde vi besøk frå SFFK, Evy M. Rossetvik frå sektor arrangement og FairPlay. Vi takkar spelarar og trenarar for god innsats!

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline