Seljecup 2015, ny kjempesuksess!

Postet av Selje IL - Fotball den 29. Jun 2015

Den 21.utgåva av Seljecup er vel i havn, og vi kan slå fast at det vart ein ny kjempesuksess. 145 lag med 1200 spelarar frå Bergen i sør til Molde i nord. Ca. 270 kampar vart spelt. I overkant av 600 overnattande nytta seg av cupens opplegg med overnatting, måltid m.m.

Vi er overvelda av all ros og gode tilbakemeldingar som Seljecup har fått i løpet av turneringa. Selje IL rettar ei stor takk til alle dei ca. 200 frivillege som har stått på i forkant og i løpet av helga. Kvar og ein har bidrege og gjort sitt til at også årets Seljecup har blitt så vellukka. Vel blåst og velkommen tilbake til neste år!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.