04.11: Junior vinterserie TMFK - Selje 5-1

Postet av Selje IL - Fotball den 3. Nov 2006

Selje tapte 5-1 mot TMFK på ei blaut grusbane på Skaredammen i dag, etter 2-0 til heimelaget ved pause. Selje hang godt med i det meste av kampen, og sigeren var for stor etter spel og sjansar. Selje sine spelarar spelte med svart sørgeband, til minne om Daniel som skulle ha vore med på laget. Før kampen starta var det 1 minutts stillhet. 

Seljes startoppstilling: Andreas Kvernevik, Tor Are Årvik, Martin Hove, Rikard Rekdal, Per Egil Flataker, Jørn Tore Sande. Kennet Honningsvåg, Ole Andreas Solheim, Karl Erik Aarsheim, Håvard Nyheim, Endre Kupen.

Innbyttarar: Kjell Omar Åhjem, Sindre Jørgensen, Trond Eirik Kupen, Vidar Hagen, Lasse Marius Honningsvåg, Thomas Jørgensen.

TMFK opna friskast og scora to kjappe mål i det 10. og 14. minutt. Her hang ikkje Seljeforsvaret heilt med. Etter dette kom Selje stadig betre inn i kampen, hadde ballen mest utover omgangen og pressa på framover utan at det kom til dei heilt klare målsjansane.

Selje måtte føreta fleire bytter i pausen. Keeper Andreas Kvernevik som hadde stått ein solid 1. omgang var skada, og utan fleire keeperar i troppen i dag, måtte Håvard Nyheim gå i mål. Selje var fullt på høgde med heimelaget i starten av omgangen.

Etter 15. minutt i 2. omgang scora Endre Kupen på straffe og dermed 2-1. Då var det ny spenning i kampen, men TMFK kontra inn 3-1 i det 20.min. Så fekk Selje straffe igjen, men keeper redda straffa frå dagens Seljekaptein "Kalle" Aarsheim. I staden for redusering, fekk TMFK to kjappe mål til, det fyrste etter 26 min og det andre på straffe etter 28min.

Etter dette hadde Selje fleire sjansar til redusering, mellom anna skot på utsida av stolpen og i tverrliggaren av Endre Kupen. Men det ville seg ikkje framfor mål i dag, og når ein slepper inn for lettkjøpte mål, blir sluttresultatet deretter.

Alle spelarane i troppen spelte og gjorde ein bra innsats. Selje viste ein del bra spel, og dersom laget blir meir tøffe og besluttsomme i begge endar av bana kan dette bli bra. Det er berre å brette opp ermane til neste kamp i vinterserien, neste fredag mot Bremanger på heimebane.   


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.